Politiet jaktar Oase-talar
Japansk kristenleiar blir skulda for hærverk på tempel. Oase brukar likevel mannen som trekkplaster til sommarstemnet.
Japansk politi vil ha tak i Masahide Kanayama, som skal tale på det store kristenstemnet Oase. Kanayama er omstridd frå før: I fjor haust braut den japanske Kinki-kyrkja sitt samarbeid med den norske Frikyrkja sine misjonærar i Japan. Bakgrunnen var at nokre av Frikyrkja sine misjonærar har hatt kontakt med Masahide Kanayama.
Svein Nordvik
Mange japanarar er i harnisk over at Masahide Kanayama skal ha utført det dei kallar vandalisme på fleire tempel.
– Det er ei provoserande handling dersom Kanayama har gjort dette. Japanske kristne fryktar at japanarar elles skal bli meir skeptiske til dei, seier japanmisjonær Ivan Fjeld.
– Denne saka har absolutt ingen ting å seie for oss. For oss er dette ei ikkje-sak, seier Gjermund Eikli. Han er styreleiar for den kristne fornyingsrørsla Oase. Kvar sommar arrangerer dei eit av landets største kristenstemne, og i år skal Kanayama stå på talarstolen.
Bestill abonnement her
KJØP