Politikk

Ønskjer stappfull rettssal når Stålsett møter i tingretten

Over 1.800 menneske har vist interesse for å møte opp når rettssaka mot biskop emeritus Gunnar Stålsett går i Oslo tingrett torsdag.

– Eg håper det blir trongt i tinghuset, seier Ivar Johansen til Vårt Land.

I slutten av november blei det kjent at biskop emeritus Gunnar Stålsett er tiltalt for å ulovleg ha gjeve arbeid til Lula Tekle. Ho har ikkje lovleg opphald i Norge.

Kort tid etter oppretta SV-politikar Ivar Johansen eit arrangement på Facebook til støtte for Stålsett. Der oppfordrar han flest mogleg til å møte opp når rettssaka mot biskopen startar torsdag 19. desember.

– Det er bra om det kjem 250 menneske på torsdag, men eg håper at både hovudsalen og salen med lyd og bilde, blir heilt fulle, seier Johansen.

Tingretten ventar mange oppmøtte

Til no har dryge 1.800 menneske vist interesse for å møte opp utanfor og i Oslo tingrett torsdag. Oslo tingrett har no sett opp rettssaka i sal 227 – éin av dei største salane.

– Om vi ikkje får plass i hovudsalen, så har vi videooverføring til ein annan sal, seier Irene Ramm, kommunikasjonssjef ved tingretten.

Tidlegare i år blei det oppbod utanfor Oslo tingrett då rettssaka mot Arne Viste starta. Viste stod tiltalt, og blei seinare dømt, for å skaffe jobbar til ureturnerbare gjennom bemanningsfirmaet Plog.

Torsdag blir det truleg meir liv utanfor tingretten når Stålsett-saka skal for retten.

– Vi har lenge vore klar over at det kjem til å komme mange menneske, slår Ramm fast.

LES OGSÅ: Arne Viste vant Petter Dass-prisen. Drømmer om at Norge tar imot 50.000 flyktninger

– Eit signal om at styremaktene må skjere gjennom

SV-politikar Ivar Johansen er éin av dei som kjem til å møte opp. Han var folkevalt til Oslo bystyre for SV frå 1987 til 2019. No brukar han delar av tida si på Stålsett-saka.

– Eg synest det er ille at menneske som styresmaktene veit er ureturnerbare, ikkje kan skaffe seg inntekt, seier Johansen.

Både Viste-saka og Stålsett-saka meiner Johansen sender tydelege signal til norske styremakter. Han håper at folk vil møte opp i solidaritet med dei ureturnerbare asylsøkjarane og biskop Stålsett.

– Eg ønskjer å vise at dette engasjerer folk. Eg trur det vil vise at styremaktene må skjere gjennom. Dei må gjere noko for dei som ikkje er returnerbare, dei må kunne skaffe seg inntekt når dei vil jobbe.

LES MEIR:

Gerd Fleischer vil følge biskopen i fengsel: – Bra at mange står opp for ureturnerbare, sier Stålsett

Lula Tekle står i sentrum for asyldrama på Stortinget: – Drømmen min er å få jobbe

Papirløse har ventet i 8 måneder. Skattedirektoratet beklager og vil se på sakene deres

 

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk