Offer for blodhemn søkjer asyl i Norge

I Albania er blodhemn blitt praktisert sidan middelalderen, særleg blant katolikkar nord i landet. Blodhemnoffer søkjer til Norge og ber om asyl.

Matematikk og grammatikk står på timeplanen når læraren Liljana Luani benkar seg ved stovebordet i ein heim nord i Albania for å undervise ein gut som ikkje kan gå på skulen. Eit mannleg medlem av familien hans skal drepast for å hemne eit drap. Guten kan bli neste offer. Ingen har oversikt over kor mange som døyr årleg i blodhemnfeidene.
Publisert Sist oppdatert

1.186 albanarar kom hit i åra 2010-2016 og søkte vern. I Utlendingsdirektoratet (UDI) får Vårt Land opplyst at «asylavdelinga seier det er ein del albanske asylsøkjarar som oppgjev blodhemn som grunnlag for vern».

Den familien som opplever at eit mannleg medlem blir drepen, har rett til å drepe eit mannleg medlem i familien til mordaren – og så har den familien rett til å svare med drap.

«I alvorlege tilfelle kor mekling ikkje fører fram, kan ei blodhemnskonflikt pågå i fleire generasjonar då det å ikkje hemne eit drap påfører offeret sin familie eit stort ærestap», skriv UDI i eit praksisnotat.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP