Kirke

Ny dåpslovsong inspirert av omstridd biskopbrev

– Vi vil fokusere på begeistringa ved dåpen, seier sokneprest og tekstforfattar.

11. februar la Bogafjell kyrkje ut ein video på Facebook der sokneprest Torstein Eidem Nordal oppfordrar foreldre til å sende inn bilete eller film frå dåpen til borna sine. Bileta skal brukast i musikkvideoen til ein dåpslovsong som Nordal har skrive teksten til.

– For at kyrkja skal overleve i framtida, treng vi fleire som døyper seg. For det er sånn vi kan formidle og gi vidare det vi sjølv har tatt imot, seier soknepresten i Facebook-videoen.

Les teksten til lovsongen nedst i saka.

Inspirasjon

I 2020 er dåp eit satsingsområde for Den norske kyrkja. På nyåret utforma bispemøtet ein tekst om dåpen, som dei oppmoda tilsette til å lese under gudstenesta 12. januar. Teksten fekk sterk kritikk frå fleire hald. Somme meinte den var ubegripeleg og ikkje eigna seg for høgtlesing, andre oppfatta den som «i overkant folkereligiøs og ullen».

LES OGSÅ: Pavelig hyrdebrev om dåp

Den nye dåpslovsongen til Nordal er inspirert av teksten frå biskopane.

– Veka etter gudstenesta då eg las den, hadde eg opplæring av vår nye musikalske leiar. Og då nemnde eg så vidt at eg meiner vi manglar ein luthersk dåpslovsong. Ho var einig i det.

Eit par dagar seinare, byrja Nordal å legge saman to tankar: teksten frå biskopane og lovsongen.

– Eg las teksten frå biskopane på nytt, med poetiske auge. Og då fann eg jo nærast eit rim, seier han og les opp:

– Tre håndfuller vann, øst opp i Faderens, Sønnens og Den hellige ånds navn til evig liv.

Begeistring

– Kvifor treng vi ein luthersk dåpslovsong?

– Det er udiskutabelt at det finst flotte dåpssalmar og mange har eit forhold til dei. Men eg meiner dei er melankolske i sitt uttrykk. Melodien til salmane er med på å underbygge dette. Vi treng noko som fokuserer på begeistringa ved dåpen, i ein lystig melodisk tone.

Musikalsk leiar i kyrkja Sonia Thingbø har sett tone til den nye lovsongen. 15. mars vert det urframføring i Bogafjell kyrkje.

LES OGSÅ: – Vi slår ikke lenger hverandre i hodet med hvert vårt dåpssyn

Forstår kritikk

Nordal opplevde den omstridde dåpsteksten frå biskopane som god. Viss ikkje hadde han ikkje brukt den som inspirasjon. Men han kan også forstå kritikken.

– Mi erfaring er at ei gudsteneste i utgangspunktet har mange ord. Den blir ikkje nødvendigvis betre med fleire ord.

Somme deler av teksten var vanskeleg å forstå, tykkjer han, og gir eit døme:

«Vannet i den kristne dåpen er et tegn som rommer både liv og død. Vannet er vårt livsgrunnlag og samtidig en trussel.»

– Kva er det eigentleg dei prøver å seie her? Er det Jesu død og oppstode dei meiner? Dei to setningane fekk meg til å stoppe opp.

Samtidig meiner han intensjonen til biskopane er god.

– Og det er den gode intensjonen eg har lyst til å følgje når eg brukar teksten for å lage ein lovsong. Det er fint å kunne bygge på ein tekst som handlar om at vi skal sameinast på tvers av skiljelinjer, meiner Nordal.

LES OGSÅ: Synet på dåpen endres

Fleire bidrag

Fleire foreldre har sendt inn bilete og video til prosjektet i Bogafjell kyrkje. 10. mars blir songen til musikkvideoen spelt inn i kyrkja.

– Vi ynskjer først og fremst å setje fokus på dåpen. Så håper vi å skape ei bevisstgjering rundt det at talet på dåpar må auke.

I oktober i fjor vart det klart at trus- og livssynssamfunn ikkje lenger vil få tilgang til fødselsmeldingar, slik at dei kan sende ut dåpsinvitasjonar.

– Det får oss til å tenke litt lenger, vi får ikkje noko servert. Vi må jobbe med dette heile tida, seier Nordal.

Dåpslovsongen

Her er teksten til dåpslovsongen Tre håndfuller vann:

Tre håndfuller vann

I det hellige treenige navn.

Én Gud, alles Far,

én kirke og én Ånd vi har.

Et under skjer:

Vi forenes med Jesus

til et evig liv,

Og sammen som søsken står vi.

Jesus, du ba oss å døpe,

og siden har vi søkt dåp.

Vi samles til fest og i glede

ved kilden til nåde og håp.

Jesus, du vant over døden,

og siden har vi øst opp.

Vi får bli lagt i Guds hender

når vannet berører vår kropp.

Kor

Jesus, du ser òg vår vandring

Våre valg, våre lengsler og sår.

Hjelp oss å leve i dåpen,

du er livet og veien vi går.

Jesus, du bærer din kirke,

den er én over hele din jord.

Hjelp oss å elske vår neste,

la din hellige Ånd sette spor.

---

Satsar på dåp

  • I 2019 og 2020 vil Den norske kyrkja arbeide for å styrke oppslutninga rundt dåpshandlinga.
  • Måla er mellom anna å auke medvitet om dåpens tydnad i eige og andre menneskes liv, å gi kunnskap om dåp og inspirasjon til å velje dåp, og å identifisere og fjerne hindringar for menneske som ynskjer dåp.
  • Kjelde: Den norske kyrkje

---

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Mer fra: Kirke