Nyheter

Norske pengar til vegbygging i land som brukar tvangsarbeid

Norsk-støtta EU-fond har gjeve kring 200 millionar­ ­kroner til vegbygging i Eritrea, eit land som brukar tvangsarbeid. EU ­omtalar prosjektet som «vegar til fred».

EUs løyvingar til opprusting av tre vegstrekningar i Eritrea vekkjer sterk uro mellom folkevalde i EU-parlamentet:

– Korleis kan EU-kommisjonen forsikre seg om at EU-prosjektet ikkje støttar tvangs­arbeid, direkte eller indirekte, lyder spørsmålet Erik Marquardt har sett fram i EU-parlamentet.

Han representerer det tyske partiet Dei grøne.

I november 2015, midt under flyktningkrisa signerte EU, Sveits og Norge ein avtale som skipa EU Emergency Trust Fund for Africa (EUTF). Alle signaturstatane fylte på med friske midlar.

Les hva Utenriksdepartementet svarer nederst i saken.

Vegprosjekt får norsk støtte

Norge og statsminister Erna Solberg (H) løyvde totalt 200 millionar kroner. Dei siste 60 blei betalt ut i fjor. Mellom regionane Norge har øyremerkt, er Afrikas horn. Her ligg Eritrea – landet som har om lag 22.000 borgarar i Norge. Storparten har rømt frå samfunns­tenesta.

Både FNs spesialrapportør for menneskerettar i Eritrea og mennesrettsorganisasjonen Human Rights Watch (HRW) opplyser at eritrearar held fram å flykte frå landet. HRWs tal seier at så mange som ti prosent av folketalet oppheld seg i eksil. Eritreas folketal nærmar seg seks millionar.

I fjor vedtok EU-kommisjonen å bruke 20 millionar euro, eller kring 200 millionar kroner, frå EUTF på eit større vegprosjekt i Eritrea, som blir omtalt som «Afrikas siste diktatur».

Vegbygging skal sikre sysselsetjing og dermed økonomisk vekst. Dermed vil færre flykte, meiner EU. Første fase skal bli ferdig i vår. Til å fullføre fase to skal Eritrea få nye 60 millionar euro frå EUs Afrika-fond.

I februar kalla EU-parlamentets utviklingskomité (Deve) inn til høyring om tilhøva i Eritrea. Deve overvakar EUs utviklingsarbeid i fattige land. Laetitia Bader, seniorutgreiar i Afrika-avdelinga til HRW, teikna eit dystert bilete av eritreisk arbeidsliv, særleg innan bygg- og anleggssektoren.

Det er denne sektoren som no rustar opp tre vegstrekningar med tung EU-støtte.

– EU-kommisjonen er der at dei kan leggje til rette for eit valdeleg system med tvangsarbeid, forklarte HRWs utsending.

Nasjonalteneste til folk fyller 50

I Eritrea er samfunnet tufta på at alle, menn og kvinner, stiller opp for staten. Først 18 månader nasjonalteneste, inkludert seks månader militær opplæring på det nasjonale senteret Sawa.

Når desse halvanna åra er over, blir eritrearar i alderen 18 til 50 år overførte til samfunnsteneste, og tvinga til å arbeide for staten. President Isaias Afwerkis regime har halde Eritrea i eit jarngrep sidan landet reiv seg laus frå Etiopia i 1993 og blei ein sjølvstendig nasjon.

– Dei fleste eritrearar blir tvinga til å arbeide for styresmaktene i fleire år, til og med i tiår, opplyste Bader frå HRW. Dei som utfører samfunnsteneste mottek ein svært liten sum pengar kvar månad.

Fengsel og tortur ventar rømlingar

I presentasjonen av vegprosjektet skriv EU-kommisjonen at tre grupper arbeidarar er engasjerte: statlege firma, leigearbeidarar frå lokalsamfunna langs vegane – og dei som gjer samfunnsteneste.

– Me har avdekt at tilhøva er særs valdelege i sektoren EU no støttar, sa Bader til dei folkevalde i EU-parlamentets utviklingskomité, og la til at mange eritrearar må avtene samfunnstenesta i statlege selskap eller i statlege prosjekt.

HRW og andre menneskerettsorganisasjonar har over år lagt fram rapportar som viser at dei som prøver å røme frå samfunnstenesta og blir pågripne før dei kjem seg ut av landet, blir utsette for fengsling, tortur og anna grov mishandling.

Bader i HRW understreka at samfunnstenesta har to siktemål: Sysselsetjing og undertrykking. Difor kom ho med ei klar etterlysing i EU-parlamentet: EU må sjølve overvake vegprosjektet og ikkje stole på styresmaktene i Eritrea.

På andreplass på slaveri-indeks

FNs spesialrapportør for menneskerettar i Eritrea, Daniela Kravetz, la i slutten av februar fram ein rapport om tilhøva i Eritrea, i FNs menneskerettsråd.

Kravetz fortel at sidan førre rapport i juli 2019 har ho følgd fem område særs nøye, mellom dei samfunnstenesta. Dommen er tydeleg: Det er ingen spor av endring til det betre.

Rangeringa Global Slavery Index fortel at av 1.000 borgarar i Eritrea lever heile 93 i det som kan kallast moderne slaveri. Med dette kjem Eritrea på ein global andreplass, berre Nord-Korea har fleire ufrie borgarar.

Global Slavery Index blir utarbeidd av den australske menneskerettsorganisasjonen Minderoo Foundation.

EU: «Vegar til fred»

Sjølv omtalar EU-kommisjonen vegprosjektet i Eritrea som «vegar til fred», for dei tre vegane skal styrke samkvemmet mellom Etiopia og Eritrea etter at dei to landa signerte ein fredsavtale i 2018.

I prosjektpresentasjonen presiserer EU at midla frå fondet EUTF ikkje går til lønningar, men berre til sjølve opprustinga av vegane, altså maskiner og vegmateriale.

I kommentarar i ei rekkje ­europeiske medier har EU-kommisjonen nekta for at EU støttar tvangsarbeid i Eritrea, korkje ­direkte eller indirekte.

I veke åtte og ni søkte ti ­eritrearar asyl i Norge. I fjor 194. I 2018 241. I 2015 2.942.

Men då hadde ikkje EU stengde grenser, slik dei har no.

Vårt Land kontakta Utenriksdepartementet (UD) med spørsmål om Norges deltaking i vegprosjektet i Eritrea. Her er UDs svar:

Vårt Land ba om svar på Norges støtte til veiprosjektet i Eritrea fra politisk ledelse i Utenriksdepartementet, som har frontet de norske bevilgningene til EUs Afrika-fond:

– Norge deltar aktivt i det europeiske samarbeidet om utfordringene med migrasjon og mennesker som er på flukt. Vi vil sammen med EU-landene videreføre innsatsen med å bistå sårbare migranter. Innsatsen vår bidrar også til å redusere de bakenforliggende årsakene til migrasjon, som fattigdom, mangel på inntektsgivende arbeid og dårlig styresett, sa utenriksminister Ine Eriksen Søreide (H) da hun i fjor sommer bevilget de siste 60 av de 200 norske millionene til EU Emergency Trust Fund for Africa (EUTF), som regjeringen var med å etablere i 2015.

Norge sitter i fondsstyret

Kommunikasjonsrådgiver Siri R. Svendsen i Utenriksdepartementet svarer i en epost til Vårt Land på hvorfor regjeringen støtter det kontroversielle Eritrea-prosjektet som får penger fra EUTF:

– Vi deltar i EUTFs styre og har i diskusjonen om dette prosjektet vektlagt at støtten ikke må bryte med menneskerettighetene. EUTF-prosjektet finansierer anskaffelser av materialer og utstyr som trengs for å rehabilitere en av hovedveiene mellom Etiopia og Eritrea. Arbeid er ikke del av prosjektet.

Svendsen opplyser at det FNs kontor for prosjekttjenester (UNOPS) som overvåker prosjektet og det er dette kontoret som jevnlig sender fremdriftsrapporter til EU-kommisjonen.

Hun skriver videre at Norge deltar i EUTFs styrende organer og får med det «jevnlig oppdatering på fremdriften av prosjektet og på EUs dialog med myndighetene i Eritrea».

Norge har dialog med Eritrea

På spørsmålet om hvordan Norge håndterer Eritreas bruk av menn og kvinner som blir tvunget til å arbeide i bygg- og anleggssektoren som en del av den tiår lange samfunnstjenesten, svarer UDs talsperson:

– Norge har hatt et engasjement for eritreerne i flere tiår. Fra norsk side er dialog med myndighetene om menneskerettighetene sentralt og at eritreiske myndigheter må vise vei og ta ansvar for egen utvikling. Vi har tatt opp de alvorlige bekymringene rundt nasjonaltjenesten i FNs menneskerettighetsråd og med myndighetene i Eritrea.

LES MEIR:

Utenriksdepartementet forsvarer omstridt veistøtte

Eritreiske flyktninger i Norge vil hjem til diktatur

---

Fakta:

  • EU har store ambisjonar med EU Emergency Trust Fund for Africa (EUTF). Med løyvingar frå fondet vil EU, Sveits og Norge stoppe folkeforflyttinga som finn stad mellom Afrika og Europa; ein vil ikkje ha noko ny flyktningkrise med 2015-dimensjonar.

  • Difor blir fondet mellom anna brukt til å skape arbeidsplassar, styrke lokalsamfunn, betre styresett, dempe konfliktar, verne sårbare folkegrupper – i afrikanske land, som sender mange borgarar på flukt til Europa.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter