Nyheter

Liberalisering kan gje boom for private

Onsdag 1. juli blir bioteknologilova liberalisert. Framleis står mange spørsmål uløyst.

For dryge fem veker sidan vedtok Stortinget ei historisk liberalisering av bioteknologilova. Onsdag trer ei rekke av endringane i kraft. Lova opnar mellom anna for assistert befruktning av einslege, gentesting av foster og tidleg ultralyd.

Vårt Land har snakka med to ekspertar om endringane. Dei trekk fram fleire ting som førebels er uklart:

* Kva rolle private helseklinikkar skal spela.

* Korleis kvalitetssikra fosterdiagnostikken.

* Når i svangerskapen tidlig ultralyd og Nipt-test skal takast.

Einslege endar opp hjå private

Frå 1. juli får einslege kvinner som er ufrivillig barnlause, sjansen til å søka hjelp til å bli gravide. Hans Ivar Hanevik, medisinsk ansvarleg ved Fertilitetsavdelingen Sør på Sjukehuset Telemark, trur einslege kvinner i første omgang vil enda opp hjå private klinikkar.

– Det er mangel på donorsæd, og akkurat no har dei private betre tilgang til dette enn oss i det offentlege. Det er eit ønske å få dette inn i offentleg regi, der det offentlege får importera sæd på lik linje med dei private.

Helsedepartementet skriv i ei orientering at lovendringa vil føra til eit auka behov for donorsæd, der private i hovudsak dekker dette med import frå Danmark. I dag rekrutterer offentlege klinikkar eigne donorar.

– Eg forventar at Helsedirektoratet hjelper oss å bygga ut det offentlege tilbodet så det også blir relevant for einslege, seier Hanevik.

Lange ventelister i det offentlege

Assistert befruktning spenner vidt, der den minst inngripande behandlinga heiter inseminasjon, der sæd frå kvinna sin partner eller donor blir ført inn i livmora hennar. Ei meir omfattande behandling er såkalla prøverørsbehandling (IVF) der befruktninga skjer utanfor kroppen til kvinna. Då hentar ein egg ut frå kvinna. Ifølgje Bioteknologirådet blir det årleg til omlag 2000 barn ved hjelp av ulike formar for assistert befruktning.

Fertilitetsavdelingen Sør ved Sjukehuset Telemark er ein av seks offentlege klinikkar som tilbyr prøverørsbehandling. Dei bruker ikkje donorsæd. Hans Ivar Hanevik håpar at lovendringa fører til betre utbygging av det offentlege tilbodet.

– I dag skjer omlag 40 prosent av assistert befruktning hjå private klinikkar. Det kjem dels av at det er lengre ventelister i det offentlege, dels av at dei private kan gje behandling til pasientar som ikkje blir prioritert i det offentlege.

Kostar opptil 100.000 kroner privat

Staten dekker utgifter til inntil tre behandlingar med assistert befruktning.

– Eg er oppteken av likebehandling, der alle einslege kvinner som ønsker denne hjelpa, skal få det. Det må ikkje bli ei økonomisk sperre, for det er ein kostnad å gjera dette privat. Hjå private klinikkar kostar prøverørsbehandling opptil 100.000 kroner. Dette må ikkje berre bli eit tilbod for høgt utdanna kvinner i byane, seier Hans Ivar Hanevik.

Alle verksemder med godkjenning for assistert befruktning kan behandla einslege kvinner, som skal likebehandlast med par. Det trengst dermed ikkje noko ny godkjenningsordning, men Helsedirektoratet skal utarbeida retningslinjer for å vurdera kva som skal til, for å vera eigna for assistert befruktning. Retningslinjene skal gjelda både par og einslege.

Utralyd og Nipt har frist til 1. november

– Det skjer ingenting konkret 1. juli når det gjeld fosterdiagnostikk, seier professor Torbjørn Eggebø.

Han er del av det fostermedisinske miljøet som lenge har ivra for tidleg ultralyd og blodtesten Nipt, som kan avdekka alvorlege trisomiar hjå fosteret. Frå 1. juli blir Nipt tillete for alle gravide kvinner, og tidleg ultralyd blir eit tilbod i den offentlige svangerskapsomsorga. Dette kjem frå eit såkalla anmodningsvedtak frå Stortinget.

Helseminister Bent Høie (H) har svara med å gje Helsedirektoratet oppdrag med å greia ut fleire spørsmål rundt Nipt og tidleg ultralyd. Dei har frist innan 1. november.

Skal testen takast før eller etter abortgrensa?

Eit av spørsmåla dei skal ta stilling til, er når i svangerskapet ein skal tilby tidleg ultralyd og Nipt. I anmodningsvedtaket brukar Stortinget omgrepet «første trimester» som er til og med veke 13 i svangerskapet. Veke 12 er grensa for sjølvbestemt abort i Noreg.

– Eg meiner tidleg ultralyd og Nipt bør takast samstundes, mellom veke 12 og 13. Ultralydundersøkinga blir ikkje god nok før veke 12, seier Eggebø.

I tillegg må ein finna ut korleis ein skal handtera Nipt-prøvane.

– Fagmiljøet meiner det bør bli eit laboratorium for å analysera desse prøvane i kvar helseregion, seier Eggebø.

Eit anna viktig spørsmål, er korleis ein skal sikra kvaliteten på fostermedisinske undersøkingar.

– Kvalitetssikring er viktig. Me må utdanna fleire som kan ta ultralydundersøkingar. Me må også sikra at kvinnene får god informasjon om kva Nipt-testen betyr, seier Eggebø.

Vårt land har tidlegare omtala at private Aleris Helse står klare til å tilby Nipt-testing i Noreg på kort varsel. Det private Aleris-konsernet tilbyr i dag Nipt-testen i Sverige.

LES MEIR:

Avtroppande partileiar Trine Skei Grande (V) tek eit oppgjer med KrF.

Skal du på pilegrimsvandring i sommar? Her er nokre viktige tips til deg.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter