– Me har alt blitt kontakta av privatpersonar som spør om me er klare til å tilby Nipt-testen, seier Anita Tunold, administrerande direktør i Aleris Helse.

Førebels må ho skuffa gravide kvinner som ønsker å ta denne blodprøven på private sjukehus.

– Me forstår det slik at Nipt først kan bli tilgjengeleg etter 1. november. Men me er i kontakt med Helsedirektoratet for å få klarheit i saka og for å få vita kva retningslinjer myndigheitene vil legga for slik testing, seier Tunold.

Om ei dryg veke blir Nipt tillatt for alle. - Me står klare til å tilby testen så snart som mogeleg, seier Anita Tunold, administrerande direktør i det private helseføretaket Aleris Helse. Foto: Aleris Helse
Foto: AleRIS HELSE

26. mai vedtok Stortinget ei historisk liberalisering av bioteknologilova. Den opnar mellom anna for at Nipt-testing blir tillatt for alle gravide kvinner. Denne blodprøven frå mor gjer det mogeleg å finna kromosomfeil hjå fosteret, som Downs syndrom, tidleg i svangerskapet.

Ny frist: 1. november

I eit skriftleg svar til Kjersti Toppe (Sp) stadfestar helseminister Bent Høie (H) at det frå 1. juli i år blir tillatt å utføra Nipt i Noreg for alle gravide kvinner.

Men sjølv om det berre er ei dryg veke fram til den datoen, er det er enno usikkert når gravide kvinner faktisk får høve til å ta Nipt-testen.

Bent Høie meiner at Nipt må greiast ut nærmare, før testen i praksis kan rullast ut i Noreg. Han har derfor gjeve Helsedirektoratet oppdrag å greia ut fleire spørsmål rundt Nipt.

Direktoratet skal mellom anna sjå på:

Korleis Nipt skal innførast i den offentlege helsetenesta.

Kartlegga behov for ekstra helsepersonell, lokale og utstyr.

Tilrå når i svangerskapet Nipt-testen bør takast.

Etablera eit system for å godkjenna private aktørar som tilbyr Nipt.

Helsedirektoratet får frist til 1. november. I ei orientering skriv Helsedepartementet at fram til dei nye ordningane er på plass, så blir eksisterande retningslinjer for Nipt vidareført.

Aleris står klare

Det private Aleris-konsernet tilbyr i dag Nipt-testen i Sverige. Anita Tunold, administrerande direktør i Aleris Helse, seier dei står klare til å gjera det same i Noreg.

– Me står klare til å tilby Nipt-test så snart som mogeleg. Våre fagfolk vil kunne læra av svenske kollegaer før me set i gang, seier ho.

Fram til no har det vore strengt avgrensa kven som kan ta Nipt-testen. Men med endringane i bioteknologilova blir Nipt-testen teken inn i den offentlege helsetenesta for kvinner over 35 år, eller som har funn på tidleg ultralyd. Dei får tilbud om å ta denne testen gjennom det offentlege.

Andre kvinner får høve til å ta testen privat mot eigenbetaling.

Ap er utålmodige

Tuva Moflag i Arbeidarpartiet var sentral i å landa forliket som sikra liberalisering av bioteknologilova. Ho seier det er «unødvendig» å utsetja Nipt-testing i privat regi fram til 1. november.

– Nipt i privat regi bør kunne bli tilbudt før den datoen.

Ho stussar over at Helsedirektoratet får same tidsfrist for å utgreia Nipt både i privat og i offentleg regi.

– Det er to ulike ting. Det er heilt ok at Nipt i offentleg regi blir utgreia fram til 1. november. Dette blir sannsynlegvis ikkje ein del av helsetilbodet før 1. januar 2021, sidan det skal inn på statsbudsjettet. Nipt-testing i privat regi er noko heilt anna. Eg forventer at ei godkjenningsordning av private aktørar raskt kjem på plass.

SV peikar på korona

Nicholas Wilkinson i SV seier det «er veldig leit» at det tek tid å få Nipt-testen på plass for private aktørar.

– Me er utålmodige og vil at desse vedtaka skal setjast raskt ut i live. Mange kvinner tek desse testene alt i dag, men det er berre dei kvinnene som har tid og ressursar til å reisa til Sverige og Danmark. Korona gjer det dessutan vanskeleg for kvinner å reisa utanlands for å ta desse testane.

Frp: Høie er grundig

Åshild Bruun-Gundersen i Frp er meir tålmodig med helseministeren.

– Eg aksepterer at Bent Høie ønsker å gjera ein grundig jobb. Om han treng tida fram til 1. november, så får han det. Men han får ikkje meir tid enn det.

Ho legg vekt på at private aktørar som ønsker å tilby Nipt, må gjera det under etiske og forsvarlige rammer.

– I Sverige kan du ta ein blodprøve og få eit svar i posten, men det er heilt meiningslaust. Kvinner i denne situasjonen treng rettleiing og oppfølging for å tolka svara dei får. Me må ha gode kriterier rundt kva private aktørar som skal få lov å tilby dette, blant anna på krav om kompetanse og oppfølging.

 

LES MEIR: KrF spelte høgt og tapte i biotek-kampen. Vårt Land har rulla opp dei dramatiske dagane i forkant.