VG melder at regjeringa samstundes gjer det lettare å få familiegjenforening. Kuttet på 2.700 kroner utgjer 25 prosent av dagens sats, 10.500 kroner.

Solberg-regjeringa lova å kutte gebyret i Granavollen-erklæringa.

Krav til Solberg

Tidlegare i haust ba både hjelpetenesta JussBuss og Norges Røde Kors om at gebyret må bli kutta heilt.

– Me har eitt krav til regjeringa i denne saka; dropp gebyret. Det vil styrkje arbeidet med å integrere flyktningar som får opphald i Norge og deira familiar, sa seniorrådgjevar Naghmeh Gorgin i Norges Røde Kors.

– Våre klientar fortel oss at nett komne flyktningar må ty til svart arbeid eller dyre forbrukslån for å betale gebyret innan fristen på seks månader. Gebyret hemmar av den grunn integreringa, ­sa Jakob Røen Mohus i Jussbuss til Vårt Land. Den juridiske hjelpetenesta yter gratis rettshjelp.

LES MEIR: Ber om gebyrkutt

Lågare gebyr

Flyktningar som får opphald i Norge kan hente nær familie til landet. Men det kostar å ­fremme ein søknad om å få ektefelle hit: 10.500 kroner. Til samanlikning krev vårt naboland Sverige inn eit langt lågare gebyr når dei handsamar same type søknad: 1.500 svenske kroner for vaksne og 750 svenske kroner for barn.

FNs høgkommissær for ­flyktningar (UNHCR) kritiserer Norge for å operere med verdas høgaste gebyrsats, fortalde Vårt Land i sommar.

Solberg innførte gebyret

Erna Solberg innførte gebyret i 2002 som kommunalminister i Bondevik II.­ Bondevik-
regjeringa sette summen til 600 kroner per søknad. Grunn­gjevinga var «å redusere omfanget av mangelfulle og åpenbart grunnløse søknader».

LES MEIR: FN feller hard dom over Norge