– Me har eitt krav til regjeringa i denne saka; dropp gebyret. Det vil styrkje arbeidet med å integrere flyktningar som får opphald i Norge og deira familiar, seier seniorrådgjevar Naghmeh Gorgin Norges Røde Kors.

Vårt Land fortalde i går at Solberg-regjeringa har vist stor vilje til å auke gebyret for å få søkje familiegjenforening. Då Erna Solberg, som kommunalminister i Bondevik II innførte gebyret i 2002, blei det sett til 600 kroner. Som statsminister har Solberg auka gebyret til heile 10.500 kroner.

Til samanlikning krev Sverige langt lågare gebyr for same type søknad: 1.500 svenske kroner for vaksne og 750 svenske kroner for barn.

LES MEIR: Gebyret for å samle familie er 10.500 kroner

Lånehaiar

Jussbuss, ei juridisk hjelpeteneste, fortalde Vårt Land i går at flyktningar må ty til svart arbeid eller dyre forbrukslån for å klare å betale gebyret innan fristen på seks månader.

Røde Kors ser det same, seier Gorgin:

– Me møter mange flyktningar som har måtta låne pengar til gebyret av lånehaiar, for dei har ingen andre alternativ. Men slike lån gjer flyktningar sårbare for utnytting i den fasen der dei skal etablere seg i Norge.

Lovnader

16. august la regjeringa og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) fram forslaget til integreringslov. Her blir ikkje gebyret via omtale.

– Det er underleg, seier Gorgin i Røde Kors.

Venstres Guri Melby finn også dette underleg. For i to politiske plattformer, Jeløya og Granavollen, slår Solberg-regjeringa fast at ho skal «redusere gebyr ved familiegjenforening for personer med flyktningstatus.»

For å presse på har stortingsrepresentant Melby difor sendt eit skriftleg spørsmål til justisminister Jøran Kallmyr: «Hvorfor er gebyret for å søke om familiegjenforening satt så høyt som 10.500 kr, og når vil justisministeren følge opp følgende punkt fra Granavolden-erklæringa: «Redusere gebyr ved familiegjenforening for personer med flyktningstatus.»

– Eg meiner det er på høg tid at justisministeren leverer konkret på dette, seier Melby til Vårt Land.

Som både Røde Kors og Jussbuss peikar også Melby på at det er krevjande for flyktningar å skaffe pengane til gebyret: «Nylig ankomne flyktninger har som hovedregel ikke inntekt, og de fleste vil derfor ha store problemer med å betale et slikt gebyr», skriv ho.

LES MEIR: FN feller hard dom over Norge

Familievenleg

Karin Andersen (SV), leiar av Stortingets kommunalkomité, er også utålmodig:

– Ingen regjering kan kalle seg familievenleg når dei gjer det uoverkommeleg dyrt for nokre av dei som har mista alt å få vere saman som familie, seier ho til Vårt Land, og held fram:

– Ingen kan kalle seg eit familievenleg parti som gjer det så dyrt å få familien sin hit at FN seier at det går over alle støvelskaft.

Andersen meiner særleg at KrFs barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad har eit ansvar for å få gebyret fjerna. SV-toppen meiner gebyret er pengar staten ikkje treng:

– Det er berre innført for at færre skal klare å få familien sin hit.

Sakn

Som Røde Kors peikar SVs Andersen på at gebyret hemmar integreringa av flyktningar som har fått opphald:

– For integreringa er det dårleg å leve i uro og sakn etter sine næraste - og det veit KrF, Venstre og Høgre godt. Men for å tekke Frp godtek dei familie-og integreringsfiendtlege gebyr for å hindre at folk får bu saman med sine kjære.