Kristen bakar kan nekte homofilt par bryllaupskake
Bakaren Jack Phillips nekta i 2012 å bake bryllaupskake til to menn som skulle gifte seg. Fullt lovleg seier USAs høgsterett.
Bakaren Jack Phillips eig og driv Masterpiece Cakeshop i Denver. Han nektar å lage spesialkaker til tilstellingar som bryt med hans kristne tru.
Brennan Linsley/AP/NTB scanpix/arkiv
Ein seks år lang kakestrid er avslutta i USA høgste domstol.
Saka starta i 2012. David Mullins og Charlie Craig skulle gifte seg, og ønskte å halde bryllaupsmottakinga i byen Denver i Colorado. Dei gjekk til Masterpiece Cakeshop og forklarte kva slags bryllaupskake dei ville ha.
Men bakar Jack Philips sa nei. Han lagar ikkje kaker til samlingar som bryt med trua hans. Som kristen kunne han ikkje lage kake spesielt til det homofile paret som skulle gifte seg, for han er motstandar av likekjønna ekteskap.
Bestill abonnement her
KJØP