– Dersom eg ikkje hadde etiske prinsipp, ville eg ha råda folk til å kjøpe aksjar i våpenindustrien. For han går verkeleg ei lys framtid i møte.

Peter Viggo Jakobsen er lektor ved Institut for Strategi på Forsvarsakademiet og professor ved Center for War Studies på Syddansk Universitet. Til Danwatch.dk fortel Jakobsen at ti år fram i tid vil våpenindustrien ha gode år, for no kjøper mange land våpen som aldri før.

SIPRIS ferske årsrapport avdekkjer at den militære opprustinga i verda er no på sitt høgaste sidan slutten av den kalde krigen. Sidan 1989 har det svenske fredsforskingsinstituttet SIPRI følgd verdas forsvarsindustri.

Våpenindustrien omset for stadig meir. I 2018 auka verdas 100 største forsvarsselskap salet med 4,6 prosent, opp til 3.800 milliardar kroner.

Til samanlikning er det norske Oljefondet på vel 10.000 milliardar kroner.

Amerikansk likvidering får aksjar til å stige

Krig eller utsikter til krig er godt nytt for alle som produserer militært materiell:

Då USA 3. januar drap leiaren for den iranske Revolusjonsgardens elitestyrke, general Qasem Soleimani, med rakettar frå ei drone, steig aksjesverdien på selskapet AeroVironment med nesten sju prosent dagen etter. Amerikanske AeroVironment produserer dronar for USAs luftforsvar.

Same dag steig aksjane i Northrop Grumman, som produserer bombefly og missil, med 5,4 prosent, og verdien på kampfly-produsenten Lockheed Martins gjekk opp med 3,6 prosent.

Iran svarte på drapet på Qasem Soleimani med å angripe ein amerikansk base i Irak 8. januar, og ein annan amerikansk base i Irak på sundag.

Verdistigninga på amerikanske våpenindustriaksjar held seg takka vere ufreden i regionen.

USA, Kina og Russland kjøper mest våpen

SIPRIS siste rapport fortel at tre land kjøper særs mykje militært materiell: USA, Kina og Russland.

Kina med eineveldige president Xi Jinping i front brukte fem prosent meir på våpen i 2018 enn året før. Totalt svei Kina av 2.200 milliardar kroner på forsvaret. SIPRI fortel at på 25 år er Kinas forsvarsinnkjøp tidobla.

Under leiing av øvtskommanderande Donald Trump brukar USA aller mest: Eit halvt norsk oljefond i 2018 – eller drygt 5.600 milliardar kroner. Noko som er opp heile 7,2 prosent frå året før.

USA er verdas største våpensmie

USA er verdas største våpensmie. Landet står for 59 prosent av alt våpensal i verda og amerikanske selskap fyller dei fem øvste plassane på SIPRIS liste over bestseljande verksemder.

SIPRI meiner det er fordi amerikanske politikarar vil endr forsvarsmaktbalansen for å betre takle trusselen frå Kina og Russland.

Forbyr eigarskap i verksemder som produsentar atomvåpen

Norges oljefond eig aksjar for 3,6 milliardar kroner i Raytheon, som er nummer fire på SIPRIS liste over verdas største våpenselskap. Oljefondet eig ikkje aksjar i verdas største militærkonsern, Lockheed Martin, fordi det produserer kjernevåpen.

Selskapa som er nummer to og tre på SIPRIS liste er også utelukka frå Oljefondet portefølje grunna produksjon av kjernevåpen. Oljefondets etiske retningsliner forbyr eigarskap i verksemder som produserer atomvåpen og klaseammunisjon.

Koplingar mellom kommentatorar og forsvarsindustri

I USA er der band mellom forsvarsindustrien og kommentatorar som hyppig blir brukt i media. The Intercept, ei nettavis som driv utstrakt gravejournalistikk, avslører at mange av dei som gjekk ut og roste likvideringa av general Qasem Soleimani, er tidlegare diplomatar, offiserar og rådgjevarar som har nære band til forsvarsindustrien, anten at dei jobbar som lobbyistar for store våpenselskap eller at selskapa dei jobbar i har aksjar i våpenselskap.

Dei har med andre ord eigeninteresse av å snakke opp verdien på næringa.

Norge sel mindre

Norsk forsvarsindustri har ikkje drahjelp av internasjonal opprusting. I 2018 eksporterte norske verksemder forsvarsmateriell og -tenester for 5,8 milliardar kroner. Året før låg verdien på 6,3 milliardar, viser siste eksportrapport frå Utanriksdepartementet.

Då NATOs krig i Afghanistan var over 2014, kjøpte USA mindre våpen og anna militært materiell frå norske forsvars-
verksemder.

LES MEIR

USA vil berre ta 18.000 kvoteflyktningar i år, ned frå 30.000 i fjor