Nyheter

KrF-Bekkevold: Tal sømeleg, Sylvi

KrF-topp ber Frp-statsråden styre unna nedsetjande karakteristikkar - dei hugsar framleis «utan ryggrad».

Norsk politikk er ein barnehage. Då er det mi oppgåve å opptre som ein vaksen, sa Sylvi Listhaug og gjekk av som justis- og innvandringsminister 20. mars i fjor. Vel 13 månader seinare gjekk ho inn att i regjeringa, som eldre- og folkehelseminister.

– Eg blei verkeleg overraska over at ho vender tilbake etter så kort tid, seier Geir J. Bekkevold, KrFs leiar i Stortingets helsekomité.

LES MEIR: Jubel på Frp-landsmøtet

Press

Då Listhaug gjekk av, var det etter sterkt press frå nettopp KrF. Partiet kunne ha felt regjeringa ved å stemme for mistillitsforslaget som hadde blitt sett fram i Stortinget etter at Listhaug la ut denne kommentaren på eiga Facebook-side: «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Teksten var supplert av eit foto av framandkrigarar i Somalia.

Lærdom

KrFs leiarar har klare meldingar til den omstridde, nygamle Frp-statsråden:

– Eg vonar ho har lært av det som skjedde i fjor då ho gjekk av som statsråd. Eg vonar ho ser seg tent med å føre ein meir sømeleg tale, seier Bekkevold..

Han viser til Listhaugs omtale av KrF som eit parti «utan ryggrad», og karakteristikken av tidlegare partileiar Knut Arild Hareide som ein «imamsleikar».

Samle

Hans Fredrik Grøvan, KrFs parlamentariske leiar, vonar Listhaug har lært av Facebook-skandalen i 2018:

– KrF forventar at Listhaug er lojal mot plattforma til regjeringa, for ho ligg fast. Me forventar også at ho har teke lærdom av situasjonen som førte til hennar avgang. Listhaug må opptre samlande, seier Grøvan.

Han minner Listhaug om at ho «må slutte å setje grupper opp mot kvarandre».

Nestleiar

Då den nye eldre- og folkehelseministeren i går fekk kontornøklane av den førre, partifelle Åse Michaelsen, blei Sylvi Listhaug spurt om ho hadde lært noko av den førre statsrådsperioden:

– Det var snøen som fall i fjor. Eg har hatt eit år der eg har lært kjempemasse, svarte Listhaug, som også blir valt til nestleiar i Frp på landsmøtet i helga.

På Gardermoen møter Vårt Land Frp-leiar Siv Jensen:

- Førre gongen Sylvi Listhaug sat i regjering, sa ho at KrF-leiaren slikka imamar oppetter ryggen - fleire i KrF reagerer på at ho kjem inn igjen i regjeringa, har du teke ein prat med henne om dette?

- Sylvi treng ikkje korrektiv frå meg. Ho lærer, som meg og andre politikarar, kvar einaste dag. Mykje av det som har skjedd tidlegare er lagt bak oss. Sylvi sat i vår delegasjon og forhandla om Granavolden-erklæringa, me blei då godt kjende med Kristelig Folkepartis nye leiing. Me blei også samde om den politiske plattforma me skal regjere på, det er denne som ligg til grunn.

LES MEIR: Jensen forsvarer «vestlige verdier»

Verdiar

Sjølv meiner Listhaug at KrF no er «verkeleg er på rett kurs»:

– Dei har flagga at dei vil stå enda tydelegare opp for dei kristne verdiane og dei norske verdiane.

Einsemd

Som leiar i Stortingets helsekomité skal KrFs Geir J. Bekkevold samarbeide med eldre- og folkehelseministeren.

– Kva saker kan de stå saman om?

– Me kan finne saman i saker om eldreomsorg, men eg vil særleg trekkje fram dei som er einsame. Eg vonar Listhaug vil ta tak i det faktum at mange menneske, ikkje berre eldre, men også unge slit med einsemd. Det vil vere viktig folkehelsepolitikk.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter