Politikk

KrF-arar møtte buing og tilrop i Pride-paraden

– Kan heve terskelen for fleire å delta neste år, meiner KrFU-nestleiar Edel-Marie Haukland, etter å ha blitt bua på under Pride. Også Kjell Ingolf Ropstad reagerer.

Bilde 1 av 4

– Dersom alle er velkomne til å delta i paraden, slik det blir hevda, er det trist at medlemmar frå KrF som sjølve har valt å delta blir møtt med tilrop, seier KrF-leiar Ropstad til VG.

Kommentaren kjem etter at avisa melde at fleire KrF- og KrFU-arar møtte buing og tilrop under Pride-paraden i Oslo laurdag.

LES OGSÅ: Ropstad vil ikke gå i paraden, men møtte i Pride-mottagelse

Fem gonger så mange

Ropstad seier at sjølv om han ikkje ønskjer å gå i paraden, så har han støtta KrF-arar som gjer det. Éin av KrF-arane som gjekk var KrFU-nestleiar Edel-Marie Haukland.

– Det var heilt fantastisk å gå i Pride-parade som KrF. Vi blei møtt med så mykje glede, folk som dansa med oss og heia på oss. Men fleire gonger bua folk og ropte mot oss. Det reagerer eg veldig sterkt på, seier Haukland til Vårt Land.

Nestleiaren i KrFU synest det er trist at nokre skal forsure ein elles flott dag. Spesielt når det var fem gonger så mange KrF-arar som deltok i Pride-paraden i år samanlikna med i 2018.

– Eg meiner at når folk faktisk går i Pride-paraden så burde ein bli møtt på ein mykje betre måte. Dette kan heve terskelen for fleire å delta neste år. Slik skal det ikkje vere, seier Haukland, som likevel går for ei ny femdobling av KrF-deltakande i 2020.

Ingvild Endstad er leiar i FRI, organisasjonen som arrangerer Pride-paraden i Oslo. Ho seier til VG at ho ikkje fekk kjende til buinga, men at ho synest det er synd om det stemmer.

LES OGSÅ: Metodistkirken går for å inkludere lesbiske og homofile

Glad for støtte

Under Pride-paraden møtte den 20 personar store KrF-delegasjonen i hovudsak smil, men fleire skal ha ropt «Kvar er Ropstad» og bua. Haukland seier at det blei opplevd som ubehageleg og at ho er glad for at Ropstad reagerer.

– Ja, vi er veldig takksame for at han støttar oss i det. Det er slik vi kjenner han.

KrFU-nestleiaren ønskjer så mange KrF-arar som mogleg med i Pride-paraden, men er tydeleg på at kvar enkelt må følgje si overtyding. Også Ropstad.

– Når han seier han ikkje vil gå i Pride-paraden fordi han ikkje kan stå inne for politikken til Fri, så må det vere legitimt. Eg vurderer det annleis, sjølv om eg ikkje er samd i all politikken til Fri. Det er rom for begge delar i KrF, og det burde vere det generelt òg, meiner Haukland til Vårt Land.

LES OGSÅ: KrF-er i Pride: – Et slag under beltestedet at Ropstad ikke går

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk