Nyheter

Kommunestyre ber for afghanarar

Medan UDI og UNE handsamar siste runde med oktoberbarn, blir kommunestyre bedne om å vedta ein protest mot deportering av afghanarar.

«Fauske kommunestyre ber regjeringen stoppe deporteringen av unge asylsøkere til Afghanistan», lyder siste setning i fråsegna Nordlands-kommunen vedtok i mars.

22 kommunestyrerepresentantar røysta for, inkludert to frå regjeringspartiet Framstegspartiet som sit med justis- og innvandringsministeren. Fire sa nei, dei tre frå regjeringspartiet Høgre og KrFs eine representant.

LES MEIR: Rømlingar får ny sjanse

Hadde mottak

– Partiet Raudt tok initiativet til fråsegna «Stans deporteringen til Afghanistan», fortel formannskapssekretær Berit Vestvann Johnsen.

Bakgrunnen var at Fauske kommune lenge hadde to mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. No bur berre nokre få unge afghanarar i kommunen. Om desse, som i hovudsak bur privat hjå engasjerte familiar, seier fråsegna frå kommunestyret dette:

«De er redde, har kontaktet advokat, men er usikre på utfallet. De få som er igjen prøver å opprettholde trua på at Norge kan og vil hjelpe dem. I ventetida går de på skole og får omsorg av familiene de bor hos.»

Ny sjanse

Dei såkalla oktoberbarna steig fram i fjor haust, og etter eit oppheta ordskifte overkjørte Stortinget regjeringa og kravde at unge afghanske menn med endeleg avslag måtte få éin sjanse til. Fram til Stortinget sette ned foten i november, hadde fleire unge afghanarar blitt sendt heim med makt straks dei fylte 18 år. Andre hadde rømt Norge i frykt for å bli deporterte.

Tre krav

I januar presenterte Justisdepartementet ei ordning som skulle gje drygt 200 oktoberbarn ein ny runde i utlendingsforvaltninga. Tre krav måtte oppfyllast:

• fått endeleg avslag mellom 1. oktober 2016 og 1. februar 2018,

• fått mellombels opphaldsløyve fram til fylte 18 år.

• er i siste vedtak frå utlendingsforvaltninga blitt vist til internflukt i heimlandet.

Kan klage

Då søknadsfristen gjekk ut 2. mai hadde 390 personar søkt om fornya asylbehandling, opplyser Utlendingsdirektoratet (UDI). 139 oppfylte krava, og UDI har byrja å handsame deira saker. Så langt har ni fått vedtak om opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn.

Av dei 390 er 251 avviste fordi dei ikkje oppfyller dei tre krava. Alle kan klage avvisinga inn for Utlendingsnemnda (UNE).

– Vi vil ha ein oversikt over kor mange avviste som har klaga til UNE i byrjinga av juni, opplyser UDI til Vårt Land.

Majoriteten av dei 251 avviste er frå Afghanistan. Alle som får endeleg avslag pliktar å reise frå Norge. Dei som ikkje reiser frivillig, blir sendt heim med tvang.

LES MEIR: «Vi elskar Norge, men Norge elskar ikkje oss»

Sa ja

Etter at Fauske kommunestyre i mars vedtok Afghanistan-fråsegna, vedtok også lokalpolitikarane at dei ville oppmode alle landets kommunestyre til å gjere det same.

Så medan UDI og UNE handsamar lagnadane til oktoberbarna, handsamar kommunestyre landet rundt «Stans deporteringen til Afghanistan»-oppmodinga frå Fauske.

I april slutta Træna kommune i Nordland seg til, og no i mai stilte også det store fleirtalet i Birkenes kommune i Aust-Agder seg bak. I Træna sa eit samla kommunestyret ja til å støtte fråsegna.

I Birkenes blei saka reist av regjeringspartiet Venstres Mariane Sønju Hagestad. Då forslaget kom opp til votering røysta 19 for og 2 mot.

– Det var viktig å støtte denne fråsegna, for det er ikkje noko godt alternativ å sende unge afghanarar heim til eit land som blir stadig meir uttrygt, seier Anders Christiansen (Ap), ordførar i Birkenes.

Til Norge

Alle dei 139 som får saka si handsama på nytt, kjem frå Afghanistan. Drygt halvparten oppheld seg i Norge. Dei søkjarane som oppheld seg i utlandet og som kan få eit positivt vedtak, vil UDI ordne reise for til Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter