Nyheter

Kan bli mobba fordi dei er kristne

Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK) har opplevd at såkalla DELK-barn vert mobba på eigne skular. Det å framstå som kristen, kan vere mobbegrunn i seg sjølv.

– Vi har hatt eitt tilfelle der somme elevar med DELK-bakgrunn opplevde seg mobba. Dei var med på DELKs eige ungdomsarbeid, som ikkje vart sett på som like «kult» som ungdomskveldane ein annan kyrkjelyd i byen arrangerte, fortel Rolf Ekenes.

Han er tilsynsmann for Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK). Ifølgje han vart tilfellet handtert på ein god måte av den aktuelle skulen.

– I tillegg opplevde vi for nokre år sidan på ein av skulane at elevane som var aktive i skulelaget vart erta av andre elevar for dette. Vi har ikkje sett noko til dette seinare, verken på denne skulen eller andre, seier han.

LES OGSÅ: Mange friskoleelever ble mobbet på sin gamle skole

Enkelttilfelle

Nyleg tok Ekenes sjølv opp desse tilfella då han bad mangeårig førstelektor i pedagogikk, Bjarne Kvam, reflektere over ulike problemstillingar ved det å drive ein kristen skule. Utvekslinga resulterte i ein tekst i bladet Underveis.

– Vi ynskte å høyre om han, som den nestoren han er, hadde erfaringar med om mobbing vert utløyst fortare på ein kristen friskule enn elles, og kva grunnane til det kan vere, forklarar Ekenes.

Kvam, som arbeider ved NLA Høgskolen i Bergen, er klar på at mobbing både skjer og kan skje på alle typar skular. Men det at elevar sin kristen bakgrunn kan vere mobbegrunn i seg sjølv, har ikkje han reflektert over før.

– Der har vore enkelttilfelle der elevar frå kristen heimar har blitt mobba, men då må ein spørje seg: Er det på grunn av det kristne livssynet, eller er det andre forhold som spelar inn?

Kristelege forventningar

Det er i dag 82 kristne grunnskular i Noreg, ifølgje Utdanningsdirektoratet. DELK-skulane er dei eldste friskulane i landet. Dei siste tredve åra har skulane også tatt imot barn som ikkje er knytt til DELK.

– I DELK har det vore tette band mellom kyrkjelyden og kyrkjelydens barn. Sjølv om ikkje alle er DELK-elevar, vil eigarane av desse skulane tenke på det som kyrkjelydens skular. Kanskje i endå større grad enn til dømes ved ein indremisjonsskule, som ikkje har sånn kyrkjesamfunnstenking, seier Kvam.

Han trur at elevar frå sekulære heimar kan oppleve at der er forventningar rundt det kristelege som er framand for dei. Det kan skape aggresjon mot skulen og lærarane, som igjen kan gå ut over andre elevar i form av mobbing.

– Lærarane må makte å ha ein vid kultur. Innan kyrkjesamfunn har det lenge vore vanleg å snakke om oss og dei, men på skulen bør ein unngå dette. Der skal det vere «vi», uansett kvar ein kjem frå.

LES OGSÅ: Splitt om kristne friskoler

Utfordringar

Ekenes opplever ikkje at det er eit problem at ikkje-kristne elevar føler seg utanfor.

– Vi ynskjer å vere ein tydeleg kristen skule, utan at det skal skape unødvendige problem for elevar med ikkje-kristen bakgrunn. Forhåpentlegvis lukkast vi med det, seier han.

– Når barn kan bli mobba fordi dei er kristne på ein kristen skule, kan det føre til mindre oppslutning rundt friskulane?

– Eg tvilar på det, fordi dette er ikkje noko typisk trekk ved våre skular. Men om det hadde vore det, hadde vi erkjent det og gått inn i det.

Han innrømmer at ei mangfaldig elevgruppe kan vere utfordrande, men ville ikkje vore det forutan.

– Eg trur ikkje dei få tilfella med mobbing vi har hatt, har ført til at skuleleiarane har tenkt at vi må redusere mangfaldet. Det er bra at skulane er meir opne enn før. Vi vil heller ha utfordringar og takle dei, enn å ha isolerte skular, seier Ekenes.

LES OGSÅ: Nedlagte grendeskoler gjenoppstår som friskoler

Lite statistikk

Kvam tykkjer det er bra at Ekenes sjølv reiser problemstillingane rundt mobbing.

– Det betyr at dei ynskjer å gjere noko med det. Det er eit godt utgangspunkt for alle skular.

Førstelektoren trur ikkje problemstillinga er spesiell for DELK, men at det også vil slå ut på andre friskular. Ifølgje Jan Erik Sundby, generalsekretær i Kristne friskolers forbund, har dei ikkje nok statistikk for å kunne seie om barn vert mobba for sine kristne bakgrunn.

– Så langt eg veit, har vi få mobbesaker av alvorleg karakter. Litt av grunnlaget for å drive friskule, er at ein har et godt blikk på elevmiljøet, så dette er kanskje ekstra viktig for oss, seier Sundby.

Samtidig er det slik at barna som er knytt til det trussamfunnet som driv skulen, kan vere i mindretal. Spesielt på kristne vidaregåande skular er det ofte samansette elevgrupper, ifølgje Sundby.

– Men eg har ikkje høyrt om mobbing på grunn av dette.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter