Nyheter

Jaktar perfekte barn

Dei som blir foreldre med hjelp av sæddonor vil ha perfekte barn. Fire foreldrepar har saksøkt sædbank. Barna har ein genfeil, og ber ein alvorleg sjukdom.

Risikoen for å få eit sjukt barn, med hjelp av sæddonor, bør ikkje vere korkje høgare eller lågare enn om ein går ein tur på byen, møter ein mann og ber han med heim, seier teolog og etikar Mickey Gjerris.

Men, understrekar medlemmen i Det etiske råd (Danmarks svar på Bioteknologirådet) når sæd blir levert av ein donor, via ein sædbank, kan ein screene sæden på førehand, og luke ut feil og manglar.

– Kvar kjem den sterke trua på vitskapen frå, Gjerris?

– Godt spørsmål. Mange trur at berre vi får kartlagt genane, av vitskapen, ja, så får vi sunne og perfekte barn. For når genane er i orden, så er alt bra, seier den røynde etikaren til Vårt Land. Teologen er forskar i bioetikk ved Københavns Universitet.

– Kan risikoen minimerast til null, om ein brukar sæd frå grundig screena donorar?

– Nei, noko vil alltid følgje med.

LES OGSÅ: Selde sæd frå nobelprisvinnar

Etterspurt

Sæd er blitt ei global handelsvare. Danske Cryos International er verdas største sædbank. Han leverer sæd til 3.000 barn årleg. 90 prosent av innskota i banken blir selt til over 80 land. Og av den siste tiprosenten går heile 60 prosent til utlendingar som kjem til Danmark for å handle.

På heimesida til Cryos kan kundane velje kven dei vil kjøpe sæd frå, 545 godkjende profilar:

«Kurt» er kvit, 192 centimeter høg, veg 86 kilo, har blå auge, blondt hår og jobbar som lærar.

«Nathan» er kvit, 192 centimeter høg, veg 92 kilo, har grøne auge, mørkebrunt hår og studerer fysioterapi.

LES MEIR – Har ikke lyst nok til å bli mor

Eksklusiv

Dei som skal kjøpe sæd frå Cryos' donorliste må velje; skal dei gå for ein donor andre også brukar, noko som kostar frå 40 til 369 euro, avhengig av måte og stad for levering – eller kjøpe ein eksklusiv rett:

«Hvis du ønsker å sikre deg eneretten til en ny donor, må du kjøpe/reservere all sæden fra den aktuelle donoren og samtidig be om å bli registrert på en venteliste. Det gir deg førsterett til fremtidig frigitt sæd, og donoren blir dermed en eksklusiv sæddonor», skriv Cryos.

Ein eksklusiv donor kostar 12.000 euro – eller 111.000 kroner.

Ti i månaden

I Danmark kan sæddonorane velje om dei vil vere anonyme eller identifiserbare. Det siste inneber at barna som blir unnfanga kan få vite kven deira biologiske far er når dei fyller 18 år.

Den andre stor danske sædbanken, Nordic Cryobank, gjev donorane 300 danske kroner for kvar levering, og ein kan levere ti plastglas i månaden.

Lytefrie

No reiser fleire rettssaker etiske spørsmål om kva det er sædbankane faktisk leverer.

Sunne barn? Lytefrie barn?

Fire danske foreldrepar har saksøkt den andre store danske sædbanken, Nordic Cryobank. Alle kvinnene fekk barn med hjelp av sæd frå denne banken. Alle barna har fått påvist ein alvorleg sjukdom, NF1.

I Canada har tre foreldrepar saksøkt ein amerikansk sædbank. Dei blei lova sæd frå ein donor som var doktorgradsstudent i neurovitskap. Undersøkingar avdekka at han var kriminell, straffedømt og diagnostisert som schizofren, psykotisk og narsissist.

Erstatning

Rettssaka i Danmark starta i Østre Landsret i København. Dei fire foreldrepara vil ha erstatning. Advokaten deira, Thomas Thorup, seier sædbanken skulle kartlagt genmaterialet til donoren langt betre.

NF1 er forkortinga for nevrofibromatose type 1, også kjent som von Recklinghausens sjukdom. NF1 er ein arveleg tilstand, som rammar hud, nervesystem og skjelett.

Får foreldra medhald i retten, blir konsekvensane store, seier professor Søren Ziebe til Jyllands-Posten.

– Dersom foreldra får erstatning, betyr dommen at det ikkje skal vere genfeil i donorsæd. Dermed har vi ikkje donorsæd lenger, for det er feil i all sæd. Vi ber alle rundt på noko. Ingen har eit perfekt genmateriale, seier Ziebe, som er lege ved Rikshospitalets fertilitetsklinikk.

LES MEIR Hun er sæddonorens barn

Genfeil

Direktør Ole Schou i Cryos seier foreldrepara kan vinne om domstolen meiner Nordic Cryobank er ansvarlege for prosedyrefeil.

– Men det trur eg ikkje skjer, seier han til Vårt Land.

– Lagar ein feil i fabrikasjonen av eit produkt, og det har skadeverknader, må produsenten stillast til ansvar. Men det har ingenting å gjere med at det ikkje må vere genfeil i donorsæd. Det er ikkje til å unngå.

ADHD

I den største sædbanken, Cryos, har leiinga valt å vere opne om det som blir oppdaga hjå donorane.

For: Talet på meldingar om arvelege gensjukdommar mellom barn som er laga med sæd frå Cryos, stig. Bankens løysing er å presentere nye helseopplysningar på profilane til donorane.

Rapporteringa er i dag av eit slikt omfang at direktør Schou trur det berre er eit spørsmål om tid, før alle donorane er registerte med genfeil.

– Tidlegare fekk vi ikkje mange rapportar om sjukdommar, men no er talet stigande, rundt 50 i året.

Schou understrekar at dei må vere transparente:

– Leggje fram alt som er eller som kan bli konstatert som genetisk betinga, og vere opne med at det ikkje finst «reine» donorar.

Difor opplyser Cryos at barn som er fødde med sæd frå deira donorar har diagnostisert ADHD – og at risikoen for at dette gjentek seg er to-tre prosent. Ved barn frå andre donorar heftar det Tourettes syndrom eller cystisk fibrose.

Avviser

I Nordic Cryobank blir alle donorar kjørt gjennom omfattande gentestar – og fleire fell frå. Direktør Annemette Arndal-Lauritzen har ikkje svart på Vårt Lands førespurnad, men opplyser til danske medier at Nordic Cryobank ikkje har gjort noko feil. For donoren hadde ikkje NF1. Genfeilen kan berre påvisast når ein ser særskilte kliniske kjenneteikn – og desse hadde han ikkje, fortel Arndal-Lauritzen til TV2.dk.

Ankar

Dommen fell i Østre Landsrett 21. desember. Advokat Thorup fortel Vårt Land at saka vil bli avgjort i Højesteret.

– Begge partar ønskjer ei endeleg avgjer.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter