Nyheter

Selde sæd frå nobelprisvinnar

Ein av sædbankens donorar var nobelprisvinnar i fysikk. Han forslo at alle med IQ under 100 skulle få betalt for å sterilisere seg.

Robert K. Graham etablerte i 1980 ein sædbank utanom det vanlege. Den eksentriske forretningsmannen ville bere selje sæd frå menn som var noko utanom det vanlege:

Dei smartaste.

Sædbanken Repository for Germinal Choice var open frå 1980 til 1999, to år etter at Graham døydde. Bankeigaren hadde ein visjon. Han ville forbetre det genetiske materialet.

I jakta på dei smartaste mennene, tråla donorvervarar eliteuniversitet i USA. Julianna McKillop arbeidde for banken i fem år. Ho fortel CNN at ho banka på mange dører og oppsøkte mange kontor før ho fekk positive svar.

Repository for Germinal Choice enda opp med å rekruttere menn med eit sterkt synleg fellestrekk; alle var kvite. Graham avviste sterk kritikk med å seie at han ikkje skulle lage ein «superrase». Han ville berre ha fleire kreative og intellektuelt sterke.

LES MEIR 1 av 10 får barn åleine

Raseteori

Blant dei fremste var det ein nobelprisvinnar. William B. Shockley fekk Nobel-prisen i fysikk i 1956. Fysikaren var med på å finne opp transistoren. Men utover jobben i laboratoriet, var Shockley svært oppteken av rase og IQ.

Då han døydde i 1989, hadde Los Angeles Times ein nekrolog der det blei fortalt at Leeds University, i 1973, trekte tilbake eit æresdoktorat til Shockley. Heideren kunne ikkje gå til ein forskar som meinte at personar som hadde ein IQ på lågare enn 100, burde bli steriliserte. Mot betaling.

William B. Shockley foreslo at desse burde få 1.000 dollar for kvart poeng dei kom under 100.

LES OGSÅ: Jaktar perfekte barn

Suksess

Ut frå sædbanken Repository for Germinal Choice kom det vel 200 barn. CNN har funne fram til fire. Tom driv eit taktekkarfirma. Leandra er operasongar. Courtney er dansar. Logan strevar med ein form for autisme.

Adrienne er mor til Leandra, Courtney og Logan:

– Genisæd er ingen garanti for lukke og suksess.

Øydela

Den noble – og svært kontroversielle – sædbanken stengte dørene i 1999. Då var både grunnleggjaren og arvtakaren døde. Arvingane øydela dei innsamla sæddonasjonane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter