Nyheter

Historisk samarbeid mellom UNICEF og Oljefondet

UNICEF og Oljefondet lanserer rettleiing til internasjonale kledeselskap. - Kan vere vanskeleg for bedrifter å ta i bruk, seier leiar i etisk bedriftsnettverk.

Bilde 1 av 3

I forkant av Verdensdagen mot barnearbeid den 12. juni, lanserer UNICEF i samarbeid med Norges Bank Investment Management (NBIM), betre kjent som Oljefondet, ei rettleiing til sko- og kledebransjen for å betre innverknaden på barns rettar.

Rettleiinga er eit resultat av UNICEF og Oljefondets samarbeid om eit internasjonalt nettverk av sko- og kledeselskap, kor blant anna merkevarer som H&M, Adidas og VF Corporation har deltatt. Oljefondet har tunge investeringar i alle tre.

Rettleiing

Fryktelege arbeidsforhold i tekstilbransjen er ingen løyndom. Leverandørar til blant anna Adidas og H&M, i land som Indonesia og Myanmar, har hatt vore innblanda med barnearbeid, tvungen overtid og farlege arbeidsforhold.

Barnearbeid har vore eit særleg problem for kledeindustrien då mykje av forsyningskjeda i næringa er avhengig av manuelt arbeid. Andre problem er at industrien trekker til seg mange migrantar med låg medvit om eigne rettar, og mange kvinner som i større grad enn menn, er sårbare for å bli utnytta. Det fortel Jens Aas, fagansvarleg for berekraftige investeringar i Unicef Norge.

Han seier at mykje arbeid fram til no har sikta smalt og berre på å eliminere barnearbeid. I denne rettleiinga blir det sikta på å også adressere problem kor barn er påverka meir indirekte.

- Vi ser at mange som jobbar i tekstilbransjen er foreldre med unge barn. Vi retter her merksemd også på at arbeidarar med barn til dømes skal få ordningar som barnepermisjon. Vi har også retta merksemd mot miljø, då rettar til barn også blir påverka av dette, fortel han.

Rettleiingsdokumentet skal ifølge Unicef og Oljefondet vere eit viktig verktøy til bedrifter og investorar for å sikre rettane til barn i strategiane og avgjerdene deira.

LES OGSÅ: Tekstil på stedet hvil

Kompliserte forsyningskjeder

Denne rettleiinga er i hovudsak sikta mot merkevareselskapa og investorar, fortel Jens Aas.

- Her har vi ønska at merkevarekjedene skal gjere seg ansvarlege for arbeidsforhold lengre ned i forsyningskjeda, spesielt då med tanke på arbeidande foreldre og unge vaksne. Med verdas største statlege fond bak arbeidet ønskjer vi også å sende signal til andre type investorar for å gjere ansvarlege investeringar, å gjere dei meir knytt til barns rettar.

Aas fortel at forsyningskjedene i tekstilbransjen har mange ledd. Det er framleis stort forbetringspotensiale i å finne ut kva som skjer på dei lågaste ledda i forsyningskjeda i tekstilindustrien.

- Selskapa får meir og meir oversikt over dei øvste ledda, men manglar kunnskap jo lågare ned ein kjem. Ønsket vårt er jo at selskapa skal få full oversikt. Vi ser at mange av dei mest kritiske brota på arbeidsrettar og på miljøforurensing skjer der det er minst kunnskap, gjerne på råvarenivå. Her må også styresmaktane i dei aktuelle landa vere med, seier han.

Vanskeleg i praksis

Dagleg leiar for Etisk handel, Heidi Furustøl ser i all hovudsak positivt på det Unicef og Oljefondet har utarbeidd.

– Rettleiinga er omfattande og samlar opp mykje av det arbeidet som er gjort i det å betre tekstilbransjen si varetaking av barns rettar. Noko av det viktigaste er gjerne signalet ein stor investor som Oljefondet sender ut til norske og internasjonale selskap gjennom dette arbeidet, seier Furustøl.

Utfordringar Furustøl ser, er det å overføre rettleiinga til praksis for bedrifter og investorar.

– Retteliinga er eit godt tilskot til tilnærminga som gjerast, men eg trur det kan vere vanskeleg for bedrifter å ta ho i bruk. Vi trur det er viktig å ha nokon der til å hjelpe bedriftene med det praktiske, fortel ho.

LES OGSÅ: - Bedrifter begynner å ta mer miljøhensyn

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter