Nyheter

Her lever svart slaveri i dag

400 år etter at første slavelast nådde USA, strøymer amerikanarar til afroamerikanske museum. Svart museumsdirektør trur til og med den kvite presidenten kan lære meir.

Bilde 1 av 4

– Eg er så spent, å, kor eg gler meg.

Kvinna står i køen som ­slangar seg utanfor den brune ­kubeforma byggningen som ber eit namn av det lange slaget, National­ ­Museum of African American History and Culture.

Ho har reist til Washington med eitt mål for augo; gå på ­museet som viser dei svartes historie.

– Eg tok ut ein fridag for å kome hit.

Saman med henne er familien; mann, mor, far, barn og bestemor. Alle har forfedre som kom på skip over havet. Frå Afrika.

LES MEIR: Vil moderne slaveri til livs

Menneskesal

Nesten 300 ­kilometer lenger sør, på kysten av den amerikanske delstaten Virginia, samlar folk seg til dystre markeringar. I august er det 400 år sidan det britiske skipet White Lion ankra opp ved staden som i dag heiter Point Comfort. Ombord var om lag 20 personar som hadde blitt tekne som fangar i det som i dag er Angola.

Gruppa blei ført i land, og selt. Betalinga var mat og forsyningar til mannskapet på White Lion. Vel i hamn blei dei sendt til plantasjar i Virginia. I lenker.

Handelen med menneske var eit faktum. USAs appetitt på svart arbeidskraft viste seg å vere umetteleg. I løpet av drygt 245 år med slaveri, levde kring fire millionar menneske i ufridom.

Slaveriet blei avskaffa i heile USA i 1865, året borgarkrigen slutta. Men undertrykking av svarte heldt fram.

Åtte høgder

På National ­Museum of African American History and Culture i hovudstaden Washington går heisen ned til etasjen der historia startar: Slaveri og fridom 1400–1877.

Utstillingane i etasjen over ber overskrifta Forsvare fridom, ­definere fridom, åra med segregering 1876 –1968. På tredje nivå går ein inn i notida: Eit endra Amerika: 1968 og åra etter. Så kjem fem høgder med galleri og skiftande utstillingar.

Nybygging

Etter at Barack Obama, USAs første svarte president, opna det ­nasjonale ­museet for afroamerikansk ­historie i 2016, har landet fått fleire ­museum som er via til dei svartes historie.

I 2017 opna Mississippi ­Civil Rights Museum i Jackson, ­Mississippi, eit museum som viser fram borgarettskampen.

I fjor opna The National ­Memorial for Peace and Justice i Montgomery i Alabama, eit ­museum som viser fram arven etter menneske som bar lenker, etter menneske som blei offer for folkemobben, om lovverket som segregerte svarte og kvite, om politivald.

Neste år opnar National ­Museum of African American ­Music dørene i Nashville, Tennessee.

– Landet er i endring. Det ser på seg sjølv på andre måtar enn det historisk sett har gjort.

Slik forklarar Brian Carter, president i Association of ­African American Museums. Carters ­kollega John Dichtl, president i American Association for State and Local History, seier det slik:

– Relevant historie er inkluderande historie.

Interesse

Når museums­foreiningsleiarar konkretiserer den sterkt veksande interessa for det afroamerikanske, listar dei opp:

Barack Obamas åtte presidentår.

Ei rekkje 50-årsmarkeringar for borgarrettsmilepælar.

Black Lives Matters-rørsla.

Kontroversane rundt sørstatsmonument.

Protestane til svarte spelarar i amerikansk fotball.

Det høgreekstreme angrepet i Charlottesville i 2017.

LES MEIR: – Bibeloversettelse dekker over slaveri

Utdanne

Mannen som blei USAs 45. president er ikkje kjent som ein ivrig historiestudent, men Lonnie Bunch, museumsstyraren som bygde opp ­National Museum of African American History and Culture i løpet av 11 år, takka ja til å vise Donald Trump rundt då han kom på vitjing kort tid etter innsetjinga:

– Eg er museumsdirektør og h­istorikar, eg trur at jobben min er å utdanne alle.

Sidan opninga i 2016 har vel fire millionar menneske køa inn museums­dørene i Washington for å gå inn i ei 400 år lang svart historie.

Når Bunch blir konfrontert med Trumps rasistiske utsegner, svarar han slik:

– Når du ser på historia om rase i Amerika, menneska som gjekk tapt, valden, dei mislukka, dei knuste vonene, må du vere optimistisk fordi du innser at folk held fram med å kjempe for at Amerika lever opp til dei uttalte ideala.

No blir Lonnie Bunch toppsjef på Smithsonians Institution, ­paraplyen over 19 museum, inkludert museet han bygde opp. I 173 år har berre kvite fylt prestisjevervet. Lonnie Bunch er svart.

Kjelder: Smithsonian, ­Hampton History Museum, The Pew ­Charitable Trusts, The ­Guardian, The Independent, NTB

Washington

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter