Han slepp fengsel for drap
Han drap kona med sovetablettar. Ho ba han gjere det. Likevel slepp Mogens Arlund å sone i fengsel.
9. april klokka 23.30 drap Mogens Arlund kona gjennom 50 år med sovetablettar – etter at ho bede han gjere det i to månader. Ho blei lam etter ei fallulukke i heimen.
Malene Anthony Nielsen/Scanpix
Dommen blei mild.
Helsingør byrett i Danmark dømde Mogens Arlund måndag til ein vilkårsdom på 50 dagar i fengsel. Det betyr at han slepp å bli låst inn på ei celle så sant han ikkje gjer nye brotsverk i prøvetida.
Avstanden opp til maksimumstraffa er stor. «Den, som dræber en anden efter dennes bestemte begæring, straffes med fængsel indtil 3 år», lyder paragraf 239 i den danske straffelova.
Bestill abonnement her
KJØP