Nyheter

Gamle kuppleiarar styrer i Afrika

Teodoro Obiang Nguema Mbasogo har leia Ekvatorial-Guinea sidan august 1979. Han tok makta i eit kupp.

Mannen som styrte Zimbabwe frå landet blei sjølvstendig i 1980 til han måtte gje frå seg makta etter eit kupp i 2017, er død. Robert Mugabe blei 95 år.

Verda har opplevd 475 kupp og kuppforsøk sidan 1950-talet, nesten halvparten av dei i Afrika. Difor blir fleire land på kontinentet styrt av svært gamle menn – som har sete ved makta lenge.

LES MEIR: Frå frigjøringsleiar til despot

Lengstsitjande

Ekvatorial-Guinea har den lengstsitjande presidenten. Som øvstkommanderande i hæren styrta Teodoro Obiang Nguema Mbasogo onkelen i 1979 i eit kupp. Året før hadde Ekvatorial-Guinea blitt ein sjølvstendig nasjonen, etter at Spania gav opp kolonien Spansk Guinea.

Etter kuppet dømde nevøen onkelen til døden og avretta han. Hausten 1979 utnemnte Teodoro Obiang seg sjølv til president.

I juni blei diktatoren 77 år.

Fjerna aldersgrense

Ein annan lengesitjande kuppresident, er Ugandas Yoweri Museveni (75). Han har styrt landet etter at han tok makta i 1986. Hans presidentskap fekk demokratisk legitimering i 1996. Då vann Museveni presidentvalet med 74 prosent av røystene.

I 2005 fekk han oppheva loven som forbyr presidentar å sitje i meir enn to periodar, og i 2017 forsvann forbodet mot at presidentar ikkje kan vere over 75 år gamle.

Neste val er i 2021

Overlevde motkupp

Tsjads president Idriss Déby (67) tok makta i landet i eit kupp i 1990. Fram til innmarsjen i presidentpalassset var éby opprørsleiar i det lutfattige landet.

I dei 29 åra han har styrt, har Déby overlevd fleire freistnader på kupp.

Kom tilbake ved kupp

Denis Sassou-Nguesso (75) var først demokratisk valt president i Republikken Kongo. Han ble valt som statssjef for første gong i 1979, og attvalt i både i 1984 og i 1989. Men Sassou-Nguesso tapte i 1992.

Men etter at borgarkrigen i landet tok slutt, kom den gamle soldaten tilbake. Sassou-Nguesso tok makta i eit kupp i 1997.

LES MEIR: Klamrar seg til makta

Var statsminister, blei president

Andre lengesitjande presidentar og statsoverhovud i Afrika er:

Paul Biya var statsminister, men blei president i Kamerun i 1982 då statssjefen trekte seg, og valt i 1984 med 99,98 prosent av røystene.

Kong Mswati III tok over trona i kongedømmet Swaziland i 1986

Issaya Afewerki blei president i Eritrea i 1993 då landet blei sjølvstendig.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter