Klima

Folkehøgskule droppar fly - trakkar til for miljøet

Rekordmange går på folkehøgskular, elevar blir freista med eksotiske reiser. Nordfjord folkehøgskule går no andre vegen: Dei skal reise kortare, med buss, båt og tog.

Bilde 1 av 2

– Vår siste tur til Indonesia går om 14 dagar. Neste skuleår blir det inga reise dit, fortel Per Momrak til Vårt Land. Han er avdelingsleiar for friluftsliv ved Nordfjord folkehøgskule.

Skulen har gjort eit medvite val: Ingen internasjonale flyreiser. Elevane skal reise med buss, tog eller båt.

«Ingen av oss er perfekte når det kjem til å ta vare på naturen. Vi strevar alle med å gjere tiltak på ein måte som både er motiverande og utfordrande (...) Det skal vere mogleg å vere elev hos oss og ikkje fly ein einaste gong i løpet av året, verken på skuleopplegg eller på reiser til og frå heimen din», skriv rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø på skulens heimeside.

LES MEIR: Velger barnløshet for å redde miljøet

Elevar skal få sjå meir av Norge

– Me har over år trappa ned bruken av fly når dei ulike linene ved skulen skal ut på lengre turar, og frå og med neste skuleår skal me ikkje bruke fly på utanlandsturar, seier Momrak.

Konkret betyr det at dei som til dømes skal til Frankrike, reiser med tog.

– Me vil lære elevane våre til å sjå at Norge har umåteleg mykje å by på, og som er betre enn å reise utanlands. Før reiste me på skiturar til Alpane. No reiser me dit det er mykje snø, fortel friluftslivleiaren:

– Snør det i Røldal, reiser me dit, snør det i Oppdal, reiser me dit. Og det er garantert betre enn å bestille ei reise til Alpane og ikkje vere sikra snø.

Natur og ungdom jublar for klimavedtak

Gaute Eiterjord, leiar i Natur og ungdom, jublar over avgjerda:

– Utruleg bra at Nordfjord har gjort dette valet, det er eit viktig klimaval.

Han meiner skulen, som ligg på Sandane i Sogn og Fjordane, bør inspirere andre folkehøgskular:

– Fleire bør gjere som Nordfjord, for dagens folkehøgskular brukar altfor mykje fly.

LES MEIR: Verden må på grønn diett

Freistar med mange eksotiske turar

Eit sveip gjennom studiekatalogane avdekkjer at mange skular freistar med liner som har mange lange, dyre og eksotiske reiser. Med fly:

Idrett: Australia.

Psykologi pedagogikk: Afrika.

Golf: Sør-Afrika og Tyrkia.

CrossFit: USA.

Friluftsliv: Kilimanjaro.

Sportmix: Maldivene.

Aikido, sverd og bueskyting: Japan.

Eiterjord i Natur og ungdom meiner folkehøgskulane har eit stort klimaansvar, for dei møter store grupper med unge kvart år, og kan med det vere med og prege haldningar.

– Difor kan ikkje folkehøgskulane reise så mykje med fly som dei gjer i dag, seier Eiterjord.

Folkehøgskulane er sjølvstyrte

Andreas Melberg, dagleg leiar for Informasjonskontor for kristen folkehøgskole, fortel at temaet berekraft er mykje drøfta om dagen i folkehøgskulekrinsar.

– Me har det oppe i styremøte og i regionale samlingar med skular.

Men han vegrar seg mot å oppmode alle folkehøgskulane som sorterer inn under hans paraply, 32 i talet, om å slå følgje med Nordfjord som seier nei til internasjonale flyreiser.

– Skulane er sjølvstyrte, så dette avgjer eigarane og dei som leiar skulane, seier Melberg. Norfjord folkehøgskule er eigd av misjonsorganisasjonen Normisjon.

– Kva meiner du om Nordfjords val?

– Skulen har gjort eit viktig val.

LES MEIR: Lærer for lite klimahandling

Har tru på motiverte elevar

– Vil Nordfjord miste søkjarar som følgje av flyvedtaket, Per Momrak?

– Me arbeider hardt for å fylle skulen kvart år, og me får elevar som er svært motiverte for å gå her, så me har tru på vedtaket som er gjort.

Friluftslivleiaren seier «skulen kunne gjort det enkelt for seg sjølv, og tilbode fem liner med internasjonale reiser».

– Men me har tru på at unge vel oss fordi me har gjort eit medvite klimaval.

---

Populært

  • Eit år på folkehøgskule blir stadig meir populært. I mai avslutta over 7.700 elevar sitt folkehøgskuleår - og i august fylte unge menneske igjen opp plassane på 82 skular, som tilbyr 715 ulike liner.
  • I dag går kring 20 prosent fleire elevar på folkehøgskular enn for ti år sidan. I eit årskull utgjer elevane 11 prosent, noko som er nesten like mange som er inne til førstegongsteneste i Forsvaret.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Klima