Nyheter

FN ber Aung San Suu Kyi bruke sin moralske autoritet

Jenta sel grønsaker i verdas største flyktningleir, Kutupalong i Bangladesh. Heimlandet hennar er styrt av ein fredsprisvinnar som slett ikkje ivrar for å få flyktningane heim.

– Eg vil spørje Aung San Suu Kyi om det Myanmar som eksisterer i dag, er det samfunnet ho prøvde å forme gjennom tiåra med nådelaus kamp for eit fritt og demokratisk Myanmar.

Kvinna som utfordrar Myanmars de facto statsminister heiter Yanghee Lee, og er FNs spesialrapportør for menneskerettar i Myanmar. Spørsmålet blei varsla på ein pressekonferanse i FNs menneskerettsråd.

Lee er svært bekymra for fredsprisvinnar Aung San Suu Kyis styre.

LES MEIR: KrF-Ulstein: Myanmar har en lang vei å gå

Få kvinner har fått fredsprisen

Fredag går dørene opp på Nobelinstituttet i Oslo, ut kjem leiaren i Den Norske Nobelkomité og kunngjer kven som får Nobels fredspris for 2019.

Sidan 1901 er Fredsprisen delt ut 99 gonger, til 130 mottakarar: 24 organisasjonar, 89 menn – og 17 kvinner. I 1991 gjekk det som blir omtala som «verdas gjævaste pris» til Aung San Suu Kyi, Myanmars fremste opposisjonspolitikar.

Drog opp politiske vyer i nobeltalen

Men dottera til frigjeringshelten Aung San sat i husarrest og kunne ikkje kome til Oslo og ta i mot prisen. Først i 2012, under eit besøk i Norge, kunne ho som lenge blei samanlikna med Nelson Mandela, halde nobeltalen. Her drog Aung San Suu Kyi opp vyene for sitt politiske leiarskap:

«Vårt endelige mål bør være å skape en verden uten fordrevne, hjemløse og mennesker uten håp, en verden hvor alle verdenshjørner er tilfluktssteder, hvor innbyggerne har frihet og mulighet til å leve i fred. Hver tanke, hvert ord og hver handling som bidrar til det positive og det gode er et bidrag til fred. Hver og en av oss er i stand til å yte et slikt bidrag. La oss rekke hverandre hendene i et forsøk på å skape en fredelig verden hvor vi kan sove trygt og våkne opp lykkelige.»

LES MEIR: Blir ikkje den siste jøden i Yangon

FN: Myanmar skuldig i folkemord

Sju år seinare sit nær ein million rohingyar i Bangladesh og ventar på at Aung San Suu Kyis ord skal bli røyndom. Dei må bu seg på å vente lenge.

For sidan Myanmar fordreiv om lag 740.000 personar frå den muslimske minoriteten i 2017, har landets regjeringssjef vist liten vilje til å få dei trygt heim. Før massefordrivinga hadde rundt 200.000 rohingyar søkt vern i Bangladesh.

 

FN-etterforskarar konkluderer med at regjeringsstyrkane gjorde seg skuldige i folkemord i 2017. Ein fersk rapport frå FN fortel at det er alvorlig fare for at også dei attverande rohingyane i Myanmar kan bli offer for folkemord:

– Det herskar framleis eit ønskje om folkemord i Myanmar, slår ei ekspertgruppe frå FN fast i rapporten som nyleg blei lagt fram for FNs menneskerettsråd.

FN-rapportør etterlyser «moralsk autoritet»

Yanghee Lee, FNs spesialrapportør, adresserer ei tindrande klar melding til fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi:

– Eg ber deg om å opne augo, lytte, og kjenne etter i hjarta ditt, og ver så snill, bruk din moralske autoritet før det er for seint.

Aung San Suu Kyi, som overtok som de facto statsminister i Myanmar etter at partiet hennar, Nasjonalligaen for demokrati (NLD), vann valet i 2015, opplever at kritikken mot hennar styre aukar i styrke. På den andre sida står tilhengjarane som peikar på at regjeringssjefen ikkje har makt over hæren, som har den reelle makta i landet.

– Myanmar er eit land som er i ein veldig tidleg fase av demokratiseringa, så på mange måtar er det rett å seie at dei militære framleis styrer, sa utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) til NTB då han vitja landet i mars.

LES MEIR: Utsatt for folkemord, våger ikke dra hjem

Aung San Suu Kyi mistar prisar

Som ein følgje av behandlinga av den muslimske minoriteten rohingyane, har Aung San Suu Kyi mist ei lang rekkje gjeve utmerkingar dei siste åra. Mellom dei fremste er Ambassador of Conscience Award, som er Amnestys menneskerettspris, som ho fekk i 2009.

Men Nobels fredspris kan ho ikkje miste. Så seier statuttane:

– Det har me ikkje høve til. Det er heller ikkje vår oppgåve å overvake eller sensurere kva ein fredsprisvinnar gjer etter at prisen er vunnen, har nobelkomitéleiar Berit Reiss-Andersen forklart, til NRK. I 2017 signerte nær 400.000 eit opprop om at Aung San Suu Kyi måtte miste fredsprisen.

Men ho fekk prisen for det ho gjorde i opposisjon. I dag fjernar regimet rohingyalandsbyar i Myanmar. Grønsakseljaren i Kutupalong skal ikkje ha noko å vende tilbake til.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter