Nyheter

Samuelspakta

Moses Samuels gjekk til synagogen i Yangon og låste opp porten kvar morgon i 25 år. Ingen kom. Men ein sabbat lydde songen. Moses trur ikkje han blir den siste jøden i Yangon.

YANGON, MYANMAR: David-stjerna viser veg. Høgt over salsbodene langs Maha Bandula, ei av hovudgatene i Yangon, heng symbolet som fortel at her held dei til, dei som langt på veg blei jaga inn i historiebøkene av japanske soldatar og burmesiske generalar.

Mannen i porten fortel kven han er utan å ytre eitt ord. Han er kledd i ei skjorte av britisk snitt. Rundt livet har han eit burmesisk herresarong, ein longyi. På hovudet ber han ein jødisk kippa.

– Naboane er mine vaktarar. Difor treng eg ikkje leige inn tryggingsselskap for å vakte synagogen, slik ein må i mange land i Vesten, fortel Moses Samuels.

Synagogen ligg i eit religiøst vegkryss. Bydelen husar buddhist- og hindutempel, sunni- og sjiamoskear,­ og ei katolsk, ei anglikansk og ei ­armensk kyrkje. Samuels peikar på butikkane til høgre og venstre for porten og på andre sida av gata, små familieverksemder som for det meste sel bygningsvarer.

– Naboane mine er muslimar, fortel han som har gjort det til eit livskall å ta vare på synagogen i landet som har skifta namn frå Burma til Myanmar.

Tolmodig mann

I 35 år har Moses Samuels hatt same morgon­ritual. Han har vandra frå heimen til ­synagogen litt før ni. Presis klokka ni har han låst opp portane inn til bygget bestefaren var med å reise i 1896. Så har han sett seg ned og venta – og venta.

Ville det kome jødar til Yangon i dag? Ville nokon finne vegen til Musmeah Yeshua, synagogen i 26. gate?

LES OGSÅ: Democratic Voice of Burma forlater Norge

Kvar fredag har han venta ekstra hardt. Ville det kome mange nok menn til at ein kunne samle ein minyan; minst ti menn eldre enn 13 år som kan forrette ei jødisk gudsteneste.

– Far er heldigvis ein tolmodig mann. Han held ein lovnad, seier Sammy Samuels.

Samuels junior har kome til synagogen for å ta imot den nye tid; langvegsfarande gjester med guide­bok i hendene og amerikanske pass i veska.

Nesten britiske

Historiske kjelder fortel at den første jøden som kom til landet, kom på 1700-talet. Han heitte Solomon Gabriol og var offiser i hæren til kong Alungpaya.

Først eit hundreår seinare kom dei store flokkane. Då hadde britiske ­kolonisatorar utvida landnåmet austover. Samstundes som britane innlemma Burma i Britisk India i 1886, etter tre krigar, fann jødar i det ottomanske riket at dei ville søkje lukka i byen som vaks fram ved bredda av elva Yangon.

Frå særleg landet som blei Irak etter første verdskrig kom det mange jødiske immigrantar. Raskt etablerte dei seg som driftige handelsmenn, dei slo seg opp som eksportørar av varer gamle England ville ha, dei var aktive i lokalpolitikken – ein var ordførar ein kort periode, dei var mesenar som donerte gåver til byen, dei bygde skular.

– Dei blei nesten britiske. Dei søkte medlemsskap i den gjævaste foreininga i Yangon, den britiske klubben – og dei blei slepte inn, seier Sammy Samuels.

To utvandringar

Likevel var dei tydelege på at dei var jødar. Tre år brukte dei på å reise murbygget i 26. gate. I 1896 blei synagogen innvia. Kvar fredag kveld var han fylt til randen av menn som feira starten på sabbaten med gudsteneste. Her samla dei seg til høgtid og fest. Her blei familiar spleisa.

LES OGSÅ: Aung San Suu Kyi vil bli president

Jødane i Burma hadde gylne år fram til 1942. Samfunnet vaks til over 2.500 borgarar. To år ut i verdskrigen okkuperte Japan Burma. Sjølv om keisarhæren var Hitler-­Tysklands allierte, delte ikkje Japan førarens syn på jødane. Likevel valde mange jødiske familiar å røme landet. Flyttelass blei sendt til Australia, USA og Storbritannia.

Sjølv om britane tok tilbake herre­dømet i Burma i 1945, våga ikkje alle jødane å vende heim, og då generalane tok makta ved eit kupp i 1962 og byrja å nasjonalisere private verksemder, kom den andre store ­jødiske utvandringa frå Burma. Berre eit fåtal familiar valde å bli. Mange kjøpte einvegsbillettar til Israel.

– Bestefar og far blei. Begge hadde lova fedrane å ta vare på synagogen, uansett kva som skjer, fortel Sammy Samuels, og viser veg inn i rommet inst i synagogen. Her står to store sølvholkar som rommar dyrebare skattar. Tora-rullane kom til Yangon frå Bagdad for 120 år sidan.

– I mange år blei dei ikkje brukt. Du skjønnar, far er ikkje religiøs, forklarar Sammy.

Generalane styrte Burma rett inn i isolasjonen. Militærregimet blei eit av Asias mest brutale, og omverda svarte med sanksjonar. I nesten 50 år var Burma ein pariastat som nesten ikkje hadde kontakt med omverda.

Songen gav liv

I 1969 reiste den siste rabbinaren. Men Moses Samuels vona på betre tider. Då faren Isaac døydde byrja Moses med eit fast morgonritual.

– I 2005 skjedde det far hadde venta­ på, fortel Sammy.

Moses hadde fem år tidlegare sendt sonen til utlandet for å studere. Først hebraisk i Israel, så økonomi i USA. Han vona sonen ville vende heim etter eksamen, men sikker var han ikkje.

– Eg var heime på sommarferie. Eg låg sjuk då far ringde. «Du må kome til synagogen, no», ba han, men ville ikkje fortelje kvifor.

Sammy let seg overtale til å gå til synagogen denne fredagsettermiddagen. Då han svinga inn porten faren hadde opna same morgon, høyrde han det.

– Songen. Menn som song songen vi syng når vi feirar sabbat. Å, kor herleg det var, kor uventa.

LES OGSÅ: – Norge sletter Burmas milliardgjeld

I synagogen møtte Sammy 40 amerikanske turistar som hadde oversett oppmodinga om ikkje å reise til militærdiktaturet. Rundt 30 av dei var jødar som kunne synge.

Kraftig turistvekst

Songen varsla den nye tida. Sammy fann der og då ut kva han skulle bruke økonomiutdanninga frå det jødiske universitetet i New York til.

– Eg starta eit reisebyrå. Eg ville få folk til heimlandet mitt – den dagen det opna seg på nytt.

Omskiftet kom i 2011. Generalane hengde uniformene i skåpet, kledde seg i sivil og byrja å innføre reformer. Myanmar Shalom Travel & Tours var mellom dei som organiserte den tynne køen av reisande inn til landet som skifta namn til Myanmar.

– I fjor loste vi 3.500 turistar inn i landet, fortel han som starta med to tilsette. Seg sjølv og ein sekretær. I dag sysselset Sammy Samuels 40 personar.

Mange av turistane blir tatt med til synagogen. Far og son Samuels er stolte over gudshuset har overlevd alt. I 2008 reiv ein syklon nesten av taket på synagogen.

Han brukar få ord då han må ha mikrofon for å snakke. Moses Samuels fekk strupekreft for to år sidan. Sonen var spent på om faren ville behalde gnisten etter operasjonen som tok stemmen.

– Eg kjem hit kvar dag framleis. Eg må møte dei som kjem, fortel han med metallisk røyst.

Vel 2.500 før verdskrigen. I dag ni, små familiar. Men no hender det oftare og oftare at dei samlar så mange at dei kan feire høgtider.

– Det er jødar blant dei mange diplomatane som kjem til byen, og det er jødar blant dei mange selskapa som kjem hit for å vere med på å byggje opp landet etter år med isolasjon, seier Sammy Samuels.

Feira bryllaup

Sjølv fekk han vere ein av to hovudpersonar i hendinga som fann stad i synagogen i fjor. Han gifta seg. Kona tilhøyrer ein familie med iranske jødar som kom til Burma for generasjonar sidan.

– Vi har kjent kvarandre sidan vi var barn. Vi heldt kontakten då eg studerte ute. Vi fann ut at det skulle bli oss to. Vi vil leve og bu i Myanmar. Vi har ein arv å ta vare på.

Moses Samuels blei ikkje den siste jøden i Yangon.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter