Avtalen som endra spelereglane for kven som skal få søkje asyl i Europa, er snart tre år. Menneske som har reist – og reiser – til Tyrkia blir nekta å ta seg inn i Europa for å søkje asyl. EU betalar regimet til president Recep Tayyip Erdogan raust med euro for at Tyrkia nektar flyktningane å reise vidare.

No har Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) sett nærare på EU-Tyrkia-avtalen og flyktningtilhøva i Tyrkia og Hellas.

– Europeiske politikarar, norske inkludert, manglar vilje til å drøfte tilhøva på bakken, det er opprørande, seier generalsekretær Ann-Magrit Austenå i NOAS.

Ho peikar på at både regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet samt Arbeidarpartiet meiner at EU-Tyrkia-avtalen er god og tenleg for Norge, og Europa:

– For det kjem så få asylsøkjarar til Norge.

LES MEIR: Ein gresk tragedie - bli med Vårt Land til flyktningleiren Moria på Lesvos

Nekta søkje asyl

NOAS presenterte torsdag rapporten Seeking Asylum in Turkey - Søkje asyl i Tyrkia - ført i pennen av juristen Özlem Gürakar Skribeland.

– I dag mistar flyktningar i Tyrkia basale rettar, som retten til å søkje asyl, retten til å arbeid, retten til å ytre seg - noko som er graverande, seier Austenå.

– Tyrkia nektar flyktningar som ikkje er frå Europa å søkje asyl, dermed blir dei haldne utanfor asylsprosessen, noko som er brot på vilkåra i Flyktningkonvensjonen.

Forverra levekår

Rapporten fortel også at kuppforsøket i Tyrkia sommaren 2016 har forverra menneskerettstilhøva til flyktningane. Dei lever i eit lite gjestfritt miljø, utdjupar Austenå. Menneske på flukt risikerer å miste grunnleggjande rettstryggleik.

NOAS-leiaren dreg også fram at landet manglar uavhengig presse som kan rette søkjelyset på levekåra til dei mange flyktningane som oppheld seg i Tyrkia, nesten fire millionar i talet, melder NOAS-rapporten. Av desse er 3,6 millionar syrarar.

Punkta i avtalen

I 2015 kom rekordmange flyktningar og migrantar til Europa, over Middelhavet, i gummibåtar, frå Tyrkia til Hellas. Men ein dryg million menneske var meir enn kva EU ville tåle, så i 18. mars 2016 signerte EU og det store flyktningtransittlandet Tyrkia ein avtale som langt på veg stengte Tyrkia-Hellas-ruta inn i Europa.

Frå og med 20. mars 2016 skulle nye flyktningar og migrantar som kom til Hellas bli returnerte til Tyrkia. EU skal på si hente syriske flyktningar frå Tyrkia - og hadde ein plan for inntil 72.000 flyktningar. Slik skal flyktningar haldast unna dei farlege båtferdene over havet.

For å hindre flyktningar å reise ut av Tyrkia, samt ta i mot dei Hellas returnerer, fekk Tyrkia tre milliardar euro frå EU – og løfter om meir.

Berre mellombelse løysingar

– Men avtalen har aldri fungert, seier Austenå, og forklarar:

• Berre knappe 1.800 personar er blitt returnerte frå Hellas til Tyrkia sidan mars 2016.

• Av dei 72.000 flyktningane i Tyrkia som EU sa kunne hentast til EU-land for så å få søkje asyl der, har EU berre henta knappe 17.300.

• Heilt sidan mars 2016 har flyktningar klart å ta seg til Hellas frå Tyrkia, men i perioden etter at avtalen blei rulla ut, stupte talet på flyktningar til Hellas. Men no stig talet markant månad for månad. Ved årsskiftet sat nesten 72.000 flyktningar i greske mottak, og ute på øyane nær Tyrkia-kysten er levekåra særleg ille, og asylprosessen tek svært lang tid. Resultatet er at mange blir i Hellas i månader og år.

NOAS melder at snart tre år etter at EU-Tyrkia-avtalen kom på plass, lever flyktningane i Tyrkia i limbo:

– Dei får ingen varige løysingar, men må leve med evige mellombels løysingar. Me kjenner flyktningar som har levd slik i Tyrkia i sju år, seier Austenå.

Overfylt leir på Lesvos

Vårt Land har i fleire reportasjar fortalt korleis flyktningar lever på øya Lesvos i Hellas, dit dei aller fleste som legg ut frå Tyrkia i gummibåtar endar opp.

Moria-leiren på Lesvos, som er eit mottaks- og registreringssenter, er overfylt. Butilhøva er dårlege, sanitærtilhøva kraftig underdimensjonert, matkøane timeslange og helsetilbodet mangelfullt. Det siste rammar mange sårbare grupper som kvinner, barn, gravide, overgrepsoffer hardt.

Austenå understrekar at Hellas framleis ikkje har kome til hektene etter den økonomiske krisa som fillerista landet.

– Hellas er framleis eit land i krise, men EU overlet til Hellas å handtere flyktningane som kjem. Her snakkar me om ei kollektiv europeisk ansvarsfråskriving, seier ho og held fram:

– EU ønskjer ikkje å sleppe flyktningane som strøymer til Hellas inn i Schengen, difor ber dei Hellas om ikkje å realitetsbehandle asylsøknadane. Og dei betalar Hellas for å handtere personane som kjem.

LES MEIR: Frivillige gjev flyktningar på Lesvos pusterom

Omsyn til EU

Kritikken mot EU-Tyrkia-avtalen har lydd sidan han blei signert for snart tre år sidan. Etter at avtalen hadde vore i bruk i ei veke i mars 2016, skreiv to forskarar ved fredsforskingsinstituttet PRIO, Pinar Tank og Maria Gabrielsen Jumbert, at avtalen ikkje blei utforma for dei svakaste, flyktningane:

«Avtalen er en pakt som er like mye fundert på EUs egeninteresser som Tyrkias, men tar i liten grad hensyn til flyktningenes interesser og rettigheter», skreiv dei to i Aftenposten.