– Folk kjem bort til oss og betalar dobbelt for kake og bolle.

Vårt Land møter Hedda ­Andersen og Ida Marie Flågen i Oslo sentrum. Jentene har i nesten to timar selt kanelbollar, ­sjokoladekake og kaffi til inntekt for årets Operasjon Dagsverk (OD). Kaffikanna er tom og i posen er det berre i ei bolle att. Snart er dei siste kakestykka også selt.

– Bakarvarene kostar 20 ­kroner stykket, men mange ­betalar gladeleg noko ekstra, fortel Andersen.

– Kvifor?

– Dei vil gjerne støtte årets ­aksjon med noko ekstra, forklarar Flågen.

LES MEIR: Bruker hundretusener på boikott

Kontroversiell

Operasjon Dagsverk er Norges største solidaritetsaksjon, der ungdom i ungdoms- og vidare­gåande skuler i heile Norge jobbar éin dag og gjev lønna til ungdom som treng det. I år går pengane frå til KFUK-KFUM Globals arbeid for traumebehandling og utdanning av palestinsk ungdom.

Men aksjonen har skapt kontrovers. Blant dei som har oppmoda til boikott er Det mosaiske trossamfunn og organisasjonen Med Israel for fred (MIFF).

Bakgrunnen for boikotten er at KFUK-KFUM støttar den internasjonale BDS-kampanjen. Denne ønskjer ein brei boikott av staten Israel. BDS står for boikott, deinvestering og sanksjonar mot israelske økonomiske interesser.

Advarsel og forsvar

Rabbinar i Det mosaiske trossamfunn i Oslo, Joav Melchior, sa nyleg til Vårt Land at KFUK-KFUM ­«presenterer konflikten (mellom Israel og palestinarane, red. anm.) på en ensidig måte, og det bidrar ikke til å skape forståelse».

På eiga heimeside skriv MIFF at dei «har advart mot årets ­aksjon, som går til inntekt for ­organisasjoner som boikotter Israel og kjemper for politiske mål som vil gjøre slutt på verdens eneste jødiske stat».

Sjølv forklarar KFUK KFUM Global boikottstøtta med at «Vi tror det internasjonale samfunn må presse Israel til å ­avslutte ­okkupasjonen av de palestinske områdene. Boikott er et ikke-voldelig virkemiddel som har vist seg å være effektivt for å endre grunnleggende og alvorlig urettferdighet.»

Dyr bolle

Frida Jøraholmen Andresen er leiar i ODs hovudkomité, og med det sjef for årets dugnad. Ho stadfestar biletet Hedda Andersen og Ida Marie Flågen gjev:

– Dei meldingane eg har fått fortel at mange gjev ekstra for bakarvarene elevane sel i bygd og by.

– Kva er det mest som er ­betalt?

– Eg har fått melding om ein kjøpar betalte 300 kroner for éin bolle, fortel OD-sjefen.

– Kva vonar de å ende opp med når siste kroner er talt opp?

– Årets innsamlingsmål er sett til 20,5 millionar kroner. Når vi det, er vi godt nøgde.

LES MEIR: – Den norske kirke demoniserer Israel

Abortstrid

I 2017 deltok 488 skular med totalt 117.000 elevar i Operasjon Dagsverk. I år er 446 skuler med 104.000 elever påmeldt. Frida Jøraholmen Andresen fortel nedgangen med ein årelang trend:

– ODs inntekter har gått ned med ti prosent årleg dei siste ti åra.

– Når blir årets resultat klart?

– Skulane har frist til desember med å levere rekneskap for årets aksjon.

For tre år ­sidan var det også strid rundt ODs aksjon. Då gjekk dei innsamla millionane til Amnesty Internationals prosjekt for ­seksuelle og reproduktive rettar i Chile, Peru og Argentina.

På den katolske skulen St. Sunniva i Oslo sa styret nei til deltaking. Det var uaktuelt å delta i innsamling til prosjekt som handla om prevensjon og abort.

Ei stor gruppe elevar på skulen svarte med å gå rundt forbodet. Pengane som blei samla inn blei sendt direkte til OD, ikkje via lokal OD-komité.