Nyheter

«Ein alvorleg trussel mot framtidig fred for Israel og Palestina»

Bispemøtet, med nyutnemnd sjefsbiskop Olav Fykse Tveit i spissen, går hardt ut mot planen Israel har for den okkuperte Vestbreidda: Gjere delar til israelsk land.

Dei 12 biskopane i den norske kyrkja har vore samla. Ut frå Bispemøtet sende dei ei krass fråsegn om annekteringa av delar av Vestbreidda som Israels statsminister Benjamin Netanyahu har varsla skal finne stad 1. juli:

«En alvorlig trussel mot framtidig fred for Israel og Palestina», slår dei 12 fast.

Fråsegna kjem etter at Israel og Netanyahus nye regjering vil annektere busetjingar som omfattar om lag 60 prosent av palestinske Vestbreidda, og den strategisk viktige Jordandalen.

Områda som skal annekterast ble okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967. Ved å annekteringa blir områda ein del av staten Israel. Palestinarane seier områda skal vere ein del av ein framtidig palestinsk stat.

Øydelegg for freden

Biskopane i Den norske kyrkja er særleg urolege for at annekteringa vil bli spikaren i kista for ei tostatsløysing: «Gud kaller oss til å sammen skape fred og bidra til rettferdighet for alle folk. Sammen med kirker over hele verden er vi bekymret for at det kan ødelegge muligheten for fred og rettferdighet for både israelere og palestinere», skriv dei i fråsegna.

Vidare seier Bispemøtet at dersom Israel går mot ei einstatsløysing «med adskilte boområder og differensierte rettigheter ut fra gruppetilhørighet, kan det ha svært negative og farlige konsekvenser, ikke bare for palestinerne, men også for det israelske samfunnet som gir slipp på demokratiets fundament: rettstaten og like borgerrettigheter for alle».

Fryktar meir vald

Biskopane seier rett ut at dei fryktar at konsekvensane blir meir vald.

Sidan 1987 har områda Israel okkuperer vore heimsøkte av to intifadaar; folkelege opprør. Den første frå 1987 til 1993, og den andre frå 2000 til 2005. Sidan 2015 har det vore mange samanstøyt mellom palestinarar og israelarar på Vestbreidda og i Jerusalem, og nokre snakkar om ein tredje intifada.

Men til skilnad frå dei to første har ikkje den politiske leiinga i Palestina stilt seg bak åtaka.

Norsk press mot Israel

Bispemøtet skriv at alle menneske i regionen «har samme rett til å leve i fred og få sin verdighet og rettigheter ivaretatt». Difor ber dei 12 biskopane norske styresmakter om å gjere det som er mogleg gjennom politisk og diplomatisk arbeid for å «forhindre at en slik annektering skjer, og dermed en blokkering av fredens mulighet».

Tidlegare i vår sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) til NTB at «enhver tilegnelse av landområder ved bruk av makt er uakseptabel og i strid med folkeretten».

Ho understreka at Norges haldning er klar: Israelarane og palestinarane må tilbake til forhandlingsbordet, ei tostatsløysing er einaste farbare løysing.

Generalsekretær Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp har omtalt den planlagde annekteringa som eit «dødsstøyt» for tostatsløysinga.

Ber om varig fred

Når mange har mista trua på denne løysinga, held Bispemøtet nettopp ho fram som den beste: «Vi oppfordrer alle mennesker, uansett tro og religion, til å arbeide for en varig og rettferdig fredsløsning for begge folk».

LES MEIR OM ISRAELS ANNEKTERINGSPLAN:

---

Biskopane

  • I Bispemøtet i Den norske kyrkja møter:
  • Olav Fykse Tveit, preses, biskop, Nidaros domprosti.
  • Atle Sommerfeldt, biskop i Borg.
  • Kari Veiteberg, biskop i Oslo.
  • Solveig Fiske, biskop i Hamar.
  • Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg.
  • Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark.
  • Anne Lise Ådnøy, biskop i Stavanger.
  • Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin.
  • Ingeborg Midttømme, biskop i Møre.
  • Herborg Oline Finnset, biskop i Nidaros.
  • Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, biskop i Sør-Hålogaland.
  • Olav Øygard, biskop i Nord-Hålogaland.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter