Nyheter

Fylkesmennene skal få ein ny tittel - her er forslaga

Våre ti fylkesmenn skal få seg ny tittel. Jarl, kanslar, fogd og høvding er blant alternativa.

- Jarl? Skal eg liksom bli mørejarl?

Else-May Norderhus ler når ho høyrer kva tittel ho kan enda opp med til neste år.

- Nei, mørejarl synes eg blir litt kleint.

I oktober neste år skriv ho historie, når ho blir første kvinnelege fylkesmann i Møre og Romsdal. Innan den tid har stillinga fått ein ny og meir kjønnsnøytral tittel.

Det er Else-May Norderhus glad for.

- Eg synes absolutt det er på tide med ein kjønnsnøytral tittel for fylkesmann. Før var det mest tilårskomne menn i slike stillingar. Men no har verda endra seg og fleire damer har kome til roret.

Bad om tips på Facebook

Det er kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup frå Høgre einig i. Han har kalla det «gamaldags» og «utdatert» å knyta fylkesmann-tittelen til kjønn .

Ministeren har bede både fylkesmenn og vanlege folk på Facebook om forslag til nytt namn. Frista for å koma med tips var 5. juli.

Vårt Land har bede departementet om dei mest aktuelle namneforslaga. Lista over forslaga ser du i faktaboksen.

Namneforslaga kan grovt delast inn i tre ulike grupper, opplyser departementet:

* Historiske namn og titlar, som mellom anna guvernør, jarl og høvding.

* Titlar som har forstavinga «fylke», som fylkesdirektør og fylkesråd.

* Namn som tek utgangspunkt i fylkesmannens oppgåver og rolle som statens representant - regiondirektør, statsdirektør og statsforvaltar.

 

Guvernør eller høvding er to favorittar

Vårt Land har spurt tre fylkesmenn om kva dei synes om forslaga.

«Høvding» vekker åtgaum hjå fylkesmann-veteran Valgerd Svarstad Haugland.

- Dei historiske namna basert på gamle norske titlar er morosame. Men min favoritt er guvernør, og eg har ikkje lyst å bli direktør, seier Haugland.

Ho har vore fylkesmann i Oslo og Akershus sidan 2011, frå nyttår 2019 fylkesmann i det samanslåtte embetet Fylkesmannen i Oslo og Viken.

Påtroppande fylkesmann Else-May Norderhus likar ein meir internasjonal variant.

- Min klare favoritt er guvernør. Det er ein tittel på ein embetsmann som leiar administrasjonen i ein delstat eller provins og - i vårt tilfelle - region. Tittelen er alt kjend frå til dømes USA og Storbritannia, og kjem dermed til å gli rett inn internasjonalt.

Namnebytet vekker lite kjensler hjå fylkesmannen i Vestland, Lars Sponheim.

- Dette er eg ikkje engasjert i. Eg opplever ikkje at namnet er så avgjerande for jobben me gjer, seier Sponheim.

Han legg til:

- Eg vil helst ikkje ha noko pompøst namn, det er det viktige for meg.

Fylkesmenn vil klara seg utan «fylke»

Fylkesmannen er statens representant i fylket og eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Namneendringa gjeld både embetet og den som er øvste leiar.

Mange blandar fylkesmannen saman med fylkeskommunen. Det håpar landets fylkesmenn det skal bli ein slutt på, med den nye namneendringa.

I eit brev til kommunal- og moderniseringsdepartementet kjem fylkesmennene med ei klar tilråding: Ordet «fylke» bør ikkje vera framtredande i eit nytt namn.

- Eg trur det er viktig å fjerna ordet «fylke» for å markera avstand til fylkeskommunen, seier Valgerd Svarstad Haugland, fylkesmann i Oslo og Viken.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup seier til Vårt Land at han reknar med å ha eit nytt namn klart i løpet av hausten.

- Me vil no jobba vidare med å finna eit namn som både er kjønnsnøytralt og som betre forklarar kva fylkesmannen jobbar med, seier Nikolai Astrup.

Ambisjonen er ifølgje ministeren at endringa skal tre i kraft frå 1. januar neste år.

Meir enn eit namn

Sjølv om fylkesmennene ønskjer eit nytt namn velkomen, er dei likevel redde for at endringa kan få negative konsekvensar.

I brevet til departementet kjem dei med ei klår åtvaring om at fylkesmannens oppgåver og rolle kan setjast i spel med eit namnebyte.

Bakgrunnen er at regjeringas regionreform har skapt større fysisk avstand mellom folket og fylkesmannen i store deler av Noreg.

Talet på fylkesmenn har krympa som følgje av reforma - frå 17 til 10. Det attspeglar det nye talet på fylke, med unntak av Viken og Oslo, som har fått ein felles fylkesmann.

Fylkesmennene åtvarar:

«Et navneskifte må derfor ikke øke avstanden og svekke legitimiteten i folks bevissthet ytterligere.»

Fylkesmannen har ei todelt rolle i Noreg: den skal både representera statens interesser i fylka og arbeida for innbyggaranes beste i fylka. I brevet skildrar fylkesmennene ei frykt for at me kan enda med eit «dansk system», der fylkesmannen blir eit meir reindyrka tilsynsorgan.

Flere navnedebatter kan leses her:

---

Her er namneforslaga

  • Statsdirektør
  • Statsforvalter
  • Embetsdirektør
  • Høvding
  • Fylkesdirektør
  • Fylkesleder
  • Fylkesutsending
  • Fylkesmyndighetsdirektør
  • Fylkestopp
  • Guvernør
  • Direktør i ….statsembete
  • Jarl
  • Kansler
  • Landsdelsdirektør
  • Nesseregent
  • Sysselsjef
  • Sysselhøvding
  • Statsombud
  • Regionleder
  • Regiondirektør
  • Fogd

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter