Dette er 1/3 av Islands kristne ungdommar
– For oss er det ikkje lett å finne seg kristen kjæraste, seier Páll Ágúst Thorarinsson.
Dei du ser på biletet utgjer omtrent ein tredel av dei som er aktivt med i kristne ungdomsgrupper på Island. Gruppa på 28 personar deltek på festivalen UL på Randaberg utanfor Stavanger. Fire personar mangla då Vårt Land tok bilete.
Eirik Bjørklund
Det aktive, kristne ungdomsmiljøet på Island er ikkje stort. Det einaste som finst er den islandske utgåva av Laget NKSS, som driv kristent arbeid retta mot skular og studiestader. Gruppa for 15- til 20-åringar samlar maksimalt 60 personar, medan gruppa for ungdom over 20 samlar på det meste 20 personar, fortel Páll Ágúst Thorarinsson.
Men denne veka kjennes det likevel ikkje ut som å vere i mindretal. Saman med 27 andre islendingar deltek 20-åringen på kristenfestivalen UL (Ung Landsmøte) på Randaberg utanfor Stavanger. Til saman utgjer dei over 1/3 av dei som er aktivt med i kristne ungdomsgrupper på Island, fortel Thorarinsson.
LES OGSÅ: – Farleg å prøve å vere perfekt kristen
Bestill abonnement her
KJØP