Nyheter

Styrte unna stupet

Odd Inge Aas køyrde kroppen i kjellaren for å vinne ungdommar for Jesus. No åtvarar han andre mot å prøve å bli «perfekte» kristne.

Kalenderen viser februar 2008. Odd Inge Aas sit åleine i sofaen på hybelen sin i Kristiansand. Han har høge ambisjonar i jobben som regionsleiar i NLM Ung og står i bresjen for å arrangere kule leirar. Følgje opp ungdomsgrupper i heile regionen høyrer også til jobben. Privat traktar han som andre unge menn etter å vere populær, utadvent og ettertrakta blant jentene.

Men no er han heilt utkøyrt. Han har berre klart å sove eit par timar i natt. Han kastar opp. Så resignerer han. Tårene kjem som ein flaum. Aas blir sjukemeldt i fem månadar. Diagnose: Utbrent og deprimert.

Sjokkert over timeplan

Det har gått over fem år. Aas (31) har sakte, men sikkert klart å kome tilbake til ein normal kvardag. No er han på Randaberg utanfor Stavanger. Han er ein av hovudtalarane på UL (Ung Landsmøte), som er blant landets største kristne ungdomsfestivalar. Han er bekymra for at dagens tenåringar skal gape over for mykje når det kjem til ambisjonar, akkurat slik som han sjølv gjorde.

– Eg blir sjokkert når eg får sjå timeplanen til tenåringar eg kjenner. I tillegg til at dei tek skulen svært seriøst, er han fylt opp av trening, musikkøving og andre fritidsaktivitetar.

Særs pliktoppfyllande generasjon

Her ligg bakteppet for årets tema på festivalen. Den nasjonale ungdomsundersøkinga (NOVA) frå 2013, viser ein svært veltilpassa og pliktoppfyllande ungdomsgenerasjon. Blant funna er:

• 94 prosent svarer at dei trivst «nokså godt» eller «svært godt» på skulen.

• 80 prosent er «litt eller svært fornøyd med mor og far».

• 84 prosent har aldri røyka, 82 prosent har aldri brukt snus.

• Åtte av ti trenar minst ein gong i veka.

Men andre statestikkar spøkjer i bakgrunnen. Fleire unge oppsøker psykiske helsestenester. Tal frå Reseptregisterert viser at 53 prosent fleire brukar antidepressiva enn for sju år sidan. Ungdata sin rapport frå 2014 viser at tre av ti jenter seier at «alt er eit slit» eller at dei «bekymrar seg for mykje om ting».

Stiller høge krav

– Unge nå er narsissistiske. Det ligg i heile kulturen vår i dag, seier Olof Edsinger.

Han er leiarutviklingskonsulent i NLM Ung og meiner at dagens tenåringar stiller høge krav til seg sjøv for å framstå som perfekte.

– Språket vi brukar i kyrkja i dag treff ikkje så godt når det tek utgangspunkt i synd. Unge i dag kjenner seg ikkje først og fremst syndige, men skamfulle, seier han og forklarar:

– Sidan ideala er så høge, gjerne forsterka gjennom sosiale media, kjenner unge seg skamfulle dersom dei ikkje lever opp til desse. Det gjer at sjølvkjensla lett raknar.

– Luther bommar

Den lutherske teologien som er bygd opp rundt å forkynne Guds strenge lovar og bod først, og deretter evangeliet med Jesus forsoning og tilgjeving, treng difor eit tillegg, meiner Edsinger.

– Unge må først bli bekrefta som verdifulle og få høyre at dei er elska av Gud. Du kan kalle dette for den gode bodskapen. Først då er dei mottakelege for det du kan kalle den glade bodskapen - at Jesus døydde for dei.

Edsinger forklarer at for eksempel gjennom lovsang og tilbeding, kan unge ta inn over seg Guds godleik og storleik. Dette skaper den nødvendige tilliten tenåringar treng til Gud. Først då klarer dei ta inn over seg at synd skiljer dei frå Gud, og at tilgjeving på grunn av Jesu offer er løysinga, meiner 39-åringen.

– Utan tillit kan det kjennast som at kyrkja berre rakkar ned på folk når det blir sagt at eg er syndig, seier Eidsinger.

Spørsmålet som ligg i lufta i dag er ikkje «korleis kan eg finne den nådige Gud», slik som det var då luthersk teologi blei formulert. Spørsmåla er: Er eg god nok? Passar eg inn? Er eg elska?

– Det gir eit ekstremt narrativt perspektiv. Det er ikkje utan grunn at selfiestang var blant dei vanlegaste pakkane under juletreet sist jul, seier NLM Ung-konsulenten.

På jakt etter «likes»

– Eg har sletta ting eg har lagt ut i sosiale media sidan det har fått få «likes», vedgår Odd Inge Aas.

Han er einig i Eidsingers analyse om at spesielt tenåringar i dag kjenner seg skamfull og ikkje syndige.

– Som leiar for konfirmantar og ungdomsgrupper ser eg at veldig mange ser ned på seg sjølv. Difor vil eg i bibeltimen eg skal ha kome med ein litt annan bodskap enn den vanlege synd - nåde - frelse-bodskapen.

– Kva vil du seie istaden?

– I hovudsak at då Jesus blei døypt, kom det ei røyst frå himmelen som sa: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede». Eg vil seie at Gud ser på dei på akkurat same måte. Karakterar, idrettsprestasjonar, utsjånad og desse andre tinga avgjer ikkje vår identitet.


Unge nå er så narssisistiske. Det ligger i å være ung i dag.

– Olof Edsinger


Aas har lært mykje av å kome seg gjennom depresjon og utbrentskap, og at det er fort gjort å blande inn trua i prestasjonsjaget.

– Det er fort gjort å ville vere ein perfekt kristen. Men Gud seier at vi er perfekte slik vi er.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Tema er «masker»

– Er det fare for at du no som ung, kjekk og kul leiar med denne tøffe tida bak deg framstår som eit glansbilde og dermed matar ambisjonane til UL-deltakarar om å framstå som perfekt?

– Eg håpar at dei som kjenner meg godt etter bibeltimane kan seie at det var Odd Inge Aas som stod på scena, og at eg ikkje gjorde meg til for å oppfylle ideala som rår. Tema for UL er maske. Dersom eg tek på meg maske sjølv så blir det latterlig. Eg skal vere ærleg om kva utfordringar eg har hatt.

– Er utfordringane dine berre eit tilbakelagt kapittel?

– Nei. Eg slit sjølv med å ville skape eit spanande bilete av meg sjølv på sosiale medier. Og eg kjenner også på statusen som singel, medan mange av mine vener er gift og har så mange born at eg ikkje hugsar namna på dei.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter