Onsdag blei det klart at Noreg tar plassen i FNs Tryggleiksråd i lag med Irland. Kanada tapte plassen.

Norske styresmakter nytta over 30 millionar kroner i valkampen. Irlands plass på si side kosta 3 gongar mindre. Dei irske styresmaktene forbrukte 840 000 pund eller omkring 10 millionar kroner på posisjonen sin i Tryggleiksrådet. Kanada kunne melde at dei brukte 1,74 millionar dollar, tilsvarande 16,6 millionar kroner, på valkampen. 

Noreg og Irland fekk høvesvis 130 og 128 av stemmene. Kanada evna å få 108.

LES MER: Norge blir medlem i Sikkerhetsrådet

Kampanjemateriell

Klassekampen kunne laurdag melde korleis midla blei nytta. Totalt blei 5,5 millionar kroner nytta på kampanjemateriell. Blant anna blei 226 400 kroner brukt til eigne nøkkelkortband og 130 695 blei nytta på paraplyar. Ulike former for reising kosta 13,6 millionar. Opp mot fire millionar blei berre nytta til å fly FN-ambassadørar på studieturar til Noreg.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes var særs kritisk til prioriteringa og kalla det eit meiningslaust sløseri av pengane til skattebetalarane.

Statssekretær Jens Frølich Holte frå Høgre forsvara på si side forbruket.

LES OGSÅ: Kommer med sterk kritikk av norsk bistandsstrategi