Nyheter

Derfor stormar det om vindkraft

Vindkraftutbygging blir møtt med alt frå demokratiske protestar til truslar og hakekors. Her er fire grunnar til at vindturbinane er så omstridde.

«Jeg ble kalt en f***e. Jeg ble fysisk hindret fra å gå inn på møtet mitt med Østensjø Rederi. Jeg ble fortalt at jeg var en skam. At jeg ødela liv.» Det skreiv olje- og energiminister Tina Bru frå Høgre på Facebook-sida si i helga. Ho skreiv dette skjedde i møte med ei gruppe vindkraftmotstandarar i Haugesund.

I starten av juni meldte NRK at kommuneskiltet til Nord-Odal vart påklistra eit hakekors og logoen til selskapa bak eit nytt vindkraftprosjekt.

Dette dannar bakteppet for vindkraftmeldinga, som regjeringa legg fram på fredag. Regjeringa må ta omsyn til eit endra politisk landskap, der fleire parti har teke opp den veksande skepsisen mot landbasert vindkraft.

Her er nokre av problema regjeringa må handtera:

1. Lang konsesjonstid

Til no er 57 vindparkar under utbygging eller i full drift. I tillegg har 26 parkar konsesjon til å bli bygd. Fleire av vindparkane er bygd på gamle konsesjonar som er blitt forlenga. Desse konsesjonane vart gjevne i ei anna politisk verkelegheit enn i dag.

– Det var ein gong brei politisk oppslutning for vindkraft i Noreg. SV hadde til og med vindmøller på valplakatane sine, fortel Anders Bjartnes, redaktør i nettavisa Energi og Klima. Han peikar på at vindturbinar lenge ikkje var lønsame, og prosjekta vart dermed liggande på teiknebrettet.

– Så, når prosjekta først startar, blir dei ofte større enn det folk såg for seg. Kommunane sa ja til noko i 2001 eller 2010, men opplever at dei får noko heilt anna. Det at det har teke så lang tid, er ein grunn til at folk er sinte.

Konsesjonstida kan bli eit heitt politisk tema framover. Framstegspartiet stiller sju krav for å støtta vindkraftmeldinga frå mindretalsregjeringa. Eit av krava er ifølgje NTB at byggestart skal skje innan fem år etter at konsesjonen er gjeven.

Arbeidarpartiet høgnar med eit krav om ei grense på tre år, melder Klassekampen.

Seint torsdag kom regjeringa med forslag om at det skal gå maksimalt 2-3 frå gjeven konsesjon til byggestart, ifølgje NRK.

LES OGSÅ: Fleire parti meiner naturinngrep må koste: – Naturkrisa like alvorleg som klimakrisa


Slike vindturbinar i norsk natur, skaper furore. På bildet ser vi turbinar i Eigersund kommune i Rogaland. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

2. Kven skal eiga vinden?

Medan omlag 90 prosent av norsk vasskraft er offentleg eigd, gjeld det under ein tredel av vindkrafta. Om lag 60 prosent av vindkrafta er eigd av utanlandske selskap. På eigarsida finn du både byen München, ein sveitsisk bank, tyske investeringsselskap og amerikanske Blackrock.

– Konfiktnivået hadde kanskje vore lågare om vindkrafta hadde blitt bygd ut på same måte som vasskrafta. Då hadde me hatt meir statleg og lokal eigarskap, seier Anders Bjartnes i Energi og Klima.

Vasskrafta er underlagt eit strengare regime enn vindkrafta, noko som sikrar offentleg eigarskap og høgare skatteinntekter. I fjor haust viste TV2 at vasskraftkommunar tener dobbelt så mykje som vindkraftkommunar, sjølv om dei produserer like mykje strøm.

Anders Bjartnes meiner det tving seg fram ein diskusjon om grunnrenteskatt for vind. Ein slik skatt sikrar at fellesskapen sit igjen med litt av avkastinga på bruk av naturressursar. I dag har Noreg grunnrenteskatt på vasskraft og petroleum.

– Lokalsamfunna må få noko igjen. Om me ikkje får vesentleg meir skatt på lokalt nivå, då blir det ikkje meir utbygging av vindkraft, meiner Bjartnes.


Eksempelfoto: Havørn, her i Lofoten. Foto: NTB scanpix

3. Frykt for fugledød

Førre veke stod Bjørn Olav Tveit framfor Stortinget for å tala saka for krykkje, lunde, lomvi, hubro, vipe og brushane. Han er forfattar og medlem i Norsk Ornitologisk Forening og er sterkt kritisk til vindkraftutbygginga.

– Vindmøllene er blitt eit virus som spreier seg. Dei er blitt ein billig måte å nå klimamåla. Me er einige i at me skal ha rein energi. Men det nytter ikkje å redda klima utan å ta vare på naturen. Det same seier FN.

Han meiner dagens vindkraftteknologi er ikkje god nok. Utbygginga fører til store inngrep i naturen, og turbinblada tek livet av fuglar.

– På Smøla har eit tresifra tal på havørn blitt drepne av vindturbinar. Havørn likar dei opne områda som også passar for vindparkar.

Han meiner Noreg har eit særskild ansvar for å ta vare på fugleartane våre.

– 60 prosent av alle havørner i verda finn du i Noreg. Desse fuglane har sin naturlege plass i naturen, og å fjerna ein art vil få store konsekvensar.

4. Frykt og mistru i Distriks-Noreg

Konflikten om vindkraft har mange stadar gått ut over tillita til sentrale styresmakter. Demonstrant Karoline Urke Øines fortel Vårt Land at strida om utbygga på Haramsøya har teke frå henne nattesøvnen.

– Førre veke sat eg i bilen og grein. Då hadde eg køyrd forbi fem politibilar som stod i ferjekø på veg ut til Haramsøya. Eg visste dei skulle ut for å fjerna demonstrantar. Eg har vekse opp på naboøya, og hugsar gonger politiet ikkje har kome når me har meldt frå om fyllekøyring og bandar som gjekk frå hus til hus. Men no kom dei.

 

Til vanleg jobbar Karoline Urke Øines som pedagogisk leiar. Dei siste tre åra har ho på fritida vore engasjert mot vindkraftutbygging på Haramsøya nær Ålesund. Ho fortel at folk kjenner seg overkøyrd av sentrale myndigheiter og utbyggarar.

– Me føler ikkje at me blir høyrt av nokon. Hadde folk inne i Oslo visst om desse konsekvensane av dette, hadde dei også vore i mot.

 

Ho fortel at Facebook-gruppa "NEI TIL TIL VINDKRAFTVERK PÅ HARAMSØYA!" har gått frå rundt 4000 til over 27.000 medlemmar på ein månad.

Som ein av administratorane må Øines dagleg sletta upassande kommentarar. Ho tek avstand frå trugsmål, men seier at ho skjønner at folk blir provoserte.

– Me blir presentert som at me blir styrt av kjensler. Men me har ikkje følelsar for følelsane sin del. Me ser dei store negative konsekvensane for naturen, spesielt når pengane går til utlandet.

 

No er gravemaskinene på plass, etter planen skal dei åtte turbinane setjast opp på Haramsøya i 2021. Vindparken er eigd av det finske firmaet Taaleri Energia. Til helga har Karoline Urke Øines oppfordra folk til å koma til Haramsøya, som ein fredeleg protest mot anleggsarbeidet som er starta.

– Det kan bli spontane appellar og musikkinnslag frå scena. Målet er å visa kor mange som er i mot dette. For det kjennes som at fjellet blir teke frå oss.

• LES MEIR: Høgre-politikar meiner Noreg har hatt for liberal hytteutbygging.

• LES MEIR: Ein museumsapp fortel om Bergens ukjende slavefortid.

---

Fakta:

---

Mer fra: Nyheter