Nyheter

Den mangfaldige katedralen

På Grønland finn du ei kyrkje med god klang og tryggande rituale som ­reflekterer sitt mangfaldige nabolag.

Bilde 1 av 2

Grønland kyrkje tronar over Oslo indre aust der ho sit på ei lita høgd i Grønlandsleiret 34. Eg veit eg er på riktig veg når eg ­mange minutt i ­forvegen blir ­helsa av kyrkje­tårnet over hus­taka. Brun teglstein, ­ubeskriveleg høge veggar og intrikate ­detaljar skapar eit ­bilete av makt og rikdom. Ikkje rart ho har til­namnet «aust­kantens katedral» frå ­gammalt av.

Innanfor døra blir eg møtt av ein kyrkjevert med program og salmeboka. Sett mot det store rommet ser dei trettitals ­besøkande ut som små ­prikkar. Sjølv om utsmykkinga ikkje er meir enn nokre glassmåleri ved ­altaret og lysekroner i taket, kjenner eg likevel den ærefrykta som ofte fossar over meg når eg drar til katedralar i utlandet. På ein måte gjer dei kvite veggane Guds allmakt om mogleg endå større, fordi her kan du ikkje gøyma deg vekk i vakre motiv på veggane.

STORSALEN: Den hippe veslesystera til tradisjonelle ­kyrkjelydar

Grip fatt i mangfaldet

Sjølv om makta sit i veggane, er det ikkje lengre teikn på stormakt i kyrkjerommet. To tredjedelar av dagens besøkande høyrer til dåpsfølget, og kanskje femten-tjue personar blir med på kyrkjekaffi etterpå. Den norske kyrkja opplever stadig at talet på ­besøk og aktive medlemmar minkar, men eg skal innrømma at eg trudde iallfall litt fleire skulle søka skuggen i ei av Oslos ­største kyrkjer denne søndagen.

Samstundes har Grønland ­kyrkje klart å gripa fatt i mangfaldet som finst utanfor kyrkjeveggane og henta det inn. Når gudstenesta startar, kjem prosesjonen med prest og kapellan inn. I tillegg er to born med som såkalla ministrantar for å ­hjelpa under gudstenesta. Før var dette mest vanleg i Den katolske ­kyrkja, men nå er det også vanleg å sjå i Den norske kyrkja. Det er kjekt å sjå at dei unge har glede i å bidra under gudstenesta.

Etter prosesjonen held guds­tenesta fram med eit moderne mangfald til ramma av den tradisjonelle strukturen og liturgien Den norske kyrkja har. Salmer som Himlen blåner for vårt øye og Som korn fra vide åkrer set eit moderne preg på gudstenesta, og står godt mot dei gamle orda frå syndsvedkjenninga og bøne­ropet Kyrie eleison. Det som grip meg mest, er derimot ein portugisar som tilhøyrer dåpsfølget. Han les frå Bibelen på portugisisk, og med ei slik innleving at både Guds ord og hans sterke tru lyser opp rommet.

Klang på godt og vondt

Gjennom salmar, tekstlesing i forbindelse med dåpen og bønerop følger gudstenesta ramma til Den norske kyrkja, slik ho skal fordi det er der ho høyrer heime. ­Mykje av liturgien er sungen, ­passande både for ein katedral og for den musikalske kyrkja som ho er. Grønland kyrkje er kjent for særs god akustikk, og har difor mange konsertar gjennom året. Difor ber også stemmane godt gjennom salmane sjølv om me er få songarar.

Diverre er akustikken ikkje like tilgjevande under preika. Sokneprest Lars Martin Dahl er ikkje lett å høyra over gjen­klangen av hans eiga stemme, iallfall ikkje for dei av oss med litt dårleg hørsel. Eg vil tru at han er klar over problemet, for medan han fram til no i gudstenesta har stått rett ved døypefonten foran altaret, går han under preika ut på golvet ved dei fremste benke­radene.

HILLSONG: Eit mylder av sosiale, unge menneske

Kjærleik

Når Dahl kjem litt nærare oss kyrkjegjengarar, er det som om han vaknar til liv. Fram til no har presten vist ­interesse og engasjement, ja, men har halde seg trygt innanfor ramma som forrettar for gudstenesta – ikkje nærgåande. Han startar preika ved å ­skildra ei mor med bornet sitt som går langs vegen og skal bytte til ­andre sida. Så fort dei to har gått over gangfeltet, går mora over på andre sida av bornet. På den måten er mora alltid ytterst mot vegen i tilfelle ein bil skulle sneia inn på fortauet. Ho set automatisk bornet sitt liv framfor sitt eige fordi ho har så stor kjærleik for bornet.

Presten taler vidare om kjærleiken: korleis menneske i fengsel ofte ikkje har opplevd kjærleik, og difor gjer onde handlingar, og om folka på Grønland sin kjærleik for byen og staden dei bur. Dahl viser stort engasjement for krafta frå kjærleiken, og taler klårt og godt om det som for mange er vanskeleg å forstå. Korleis preika relaterer til dagens bibeltekst, henta frå Matteus 7:21-29, er eg derimot usikker på. Teksten er ein tale frå Jesus som seier at menneske ikkje skal tala profetisk eller gjera guddommelege handlingar i Jesu namn, fordi me då fjernar oss frå Guds vilje. Kanskje meiner Dahl at våre handlingar i kjærleik er det motsette av dette, og såleis at me ikkje kjem i ei profetisk felle – slik Jesus åtvara om?

Preika rører òg ved ­utbyggjinga som skjer i Oslo sentrum. ­Byggjing i høgda er eit heitt poli-
tisk tema i hovudstaden, og sokne­prest Dahl er skeptisk til høgda fordi det tar sola frå ­bakken. Han snakkar òg om at mangfaldet må bevarast i byen, men at det vil bli hindra av utbyggjing. For meg er det viktig at ei kyrkje klarar å ­følga med i tida og veit kva som skjer rundt seg. Samstundes vil eg ikkje at presten skal gi meg ­svaret på ­politiske spørsmål. Han kan ­gjerne løfta dei og fortelja meg om ulike løysingar. Men at ­kyrkjas leiar er for eller imot høghus eller har tatt side i ein annan konflikt, er for meg unødvendig.

KRAFTVERKET: Kreativitet og tanke i sentrum

Politisk debatt

Preika ga meg, som resten av besøket, blanda kjensler. Det er flott med engasjement frå talaren, noko sokne­presten definitivt hadde, og godt å sjå at ei kyrkje som høyrer til eit slikt mangfaldig område òg klarer å leva og ­integrera seg i det mangfaldet. Samstundes sakna eg heilskap og ein raud tråd mellom orda frå Matteus-
evangeliet og preika. I tillegg blir eg alltid skeptisk når kyrkje­leiarar tar side i politisk debatt og presenterer dette utan å sjølv stilla spørsmål ved det eller opna for debatt.

Gudstenesta elles var også eit forsøk på noko nytt og meir mangfaldig i dei gamle rituala. Å sjå ungar som deltar aktivt i gudstenesta som medhjelparar, er kjekt, fordi det gir eit bilete av at kyrkja er både for dei lærde og dei som lærer, og menneske av alle aldrar. I tillegg er det sunt og ­riktig for ei kyrkje som Grønland å henta inspirasjon frå ­andre tradisjonar, og å spe på med mangfaldig og moderne musikk og språk gjennom arbeidet sitt.

Lite utprega

Likevel syner kyrkja å vera lite utprega. Dersom du er på jakt etter ei trygg, luthersk kyrkje slik den du er van med frå konfirmasjonsundervisninga i heimbygda di – spedd på med litt internasjonal kultur – kan Grønland kyrkje vera eit val for deg. Men eg er redd du ikkje får så mykje igjen for det. For ­nokon er ritualene og det forutsigbare kjernen av kva dei søkjer i kyrkja, og det finn du i Grønland kyrkje. Eg skulle derimot ønska at eg lærte meir om korleis trua, Guds kjærleik eller Jesu handlingar kan hjelpa meg eitt steg vidare på mi reise i trua.

Sjølvklart, det er ei open ­kyrkje som har eit aktivt barne- og ungdomsarbeid, med eigne familie­gudstenester ein gong i ­månaden. Fleire kor frekventerer gudstenestene, til glede både for tilhøyrarar og komande koristar. I tillegg har dei andre prosjekt, blant anna Pride-frukost, orgelkonsert og dialogarbeid med den lokale moskeen. Det er ein veldig typisk, moderne og liberal kyrkje – men eg har ikkje heilt klart å sjå særpreget. Men, dersom det du søkjer er ei liberal kyrkje i hjartet av Oslo som har fokus på mangfaldet, ja, då kan Grønland kyrkje vera verdt eit besøk neste søndag.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter