Nyheter

Anonyme danske donorar freistar single norske kvinner

Dansk kjede med fertilitetsklinikar trur ikkje single norske kvinner sluttar å kome for assistert befruktning sjølv om Stortinget vedtek liberal bioteknologilov.

To tilbod vil framleis trekkje single kvinner til Danmark, forklarar Lene Schou Berling til Vårt Land: Anonyme sæddonorar og kort ventetid.

Berling er marknadskoordinator i VivaNeo Stork Fertilitetsklinik, som ikkje trur på norsk kundesvikt sjølv om Stortinget vedtek å gjere assistert befruktning til einslege lovleg.

Kort ventetid i Danmark

Tysdag skal Stortinget vedtak ny bioteknologilov. Her er Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og SV blitt samde om ei omfattande liberalisering - og alt tyder på at fleirtalet på Stortinget vil vedta eggdonasjon, tidleg ultralyd, blodprøven NIPT som kan avlese Downs-syndrom - og assistert befruktning til einslege.

– Dersom Stortinget vedtek behandling av single kvinner og opnar opp for eggdonasjon, så tenkjer me at Danmark vil halde fram med trekkje til seg norske kundar, for her er ventetida kort og ein kan velje fritt mellom open og anonym donor, seier Berling.

Ap, Frp og SV har lagt opp til at lovendringane skal tre i kraft allereie 1. juli i år.

Må vere open donor i Norge

Dagens bioteknologilov seier at berre gifte eller sambuande par, likekjønna og ulikekjønna, kan få assistert befruktning her i landet. Heller ikkje einslege menn eller homofile par kan få assistert befruktning i Norge, fordi surrogatmorskap ikkje er lovleg.

Fram til 2005 var alle sæddonorar anonyme i Norge. No seier loven at dei som fødd etter assistert befruktning ved hjelp av donorsæd, har rett til å få opplysningar om identiteten til sædgjevar når dei fyller 18 år.

Stortinget kjem til å vedta at sæddonarane skal framleis vere opne i Norge, men aldersgrensa vil bli senka til 15 år.

StorkKlinikk er i dag ein del av det tyske fertilitetsselskapet VivaNeo, som driv to klinikar i Danmark, ein i København og ein i Aarhus.

Rydda veg for hjelp til kvinner

I 20 år har StorkKlinik i København vore reisemål for single norske kvinner med draumar om å bli mødrer. Klinikken blei etablert av jordmora Nina Stork i 1999, og var Danmarks første privatklinikk som tilbaud inseminasjon til einslege og lesbiske.

Stork starta klinikken i frustrasjon over at ein ny dansk lov forbaud einslege lesbiske kvinner å få fertilitetsbehandling.

I dag er StorkKlinik ein del av det tyske selskapet VivaNeo, som driv fertilitetsklinikkar i Tyskland, Nederland, Austerrike og Danmark.

Strøymer til Danmark frå Europa

Danmark er populært mellom single kvinner som ønskjer hjelp for å få barn. I 2017 kom 90 prosent av dei nesten 4.000 som fekk prøverøyrsbefruktning og inseminasjon ved StorkKlinik frå utlandet, og då særleg Norge, Sverige, Tyskland, Frankrike, Sveits og Storbritannia.

Motivasjonen for å reise til Danmark er enkel; fertilitetslovgjevinga er langt meir liberal her enn i heimlanda til dei single kvinnene. Donorane kan vere anonyme, og det er ikkje snakk om å stå på ventelister.

I tillegg har Danmark ei øvre aldersgrense som er 45 år. Eit siste viktig trekkplaster, er at verdas største sædbank er dansk. Cryos International eksporterer i dag vel 90 prosent av dansk donorsæd.

Kjøper dobbeldonasjon - både egg og sæd

På kontoret til StorkKlinik i København fortel Lene Schou Berling at det har vore ein vekst i talet på norske kundar som søkjer hjelp:

– Me har ein vekst frå 2018 til 2019, der dei aller fleste kjem for inseminasjon. Dernest kjem dei for prøverøyrsbefruktning og eggdonasjon.

Berling opplyser at dei norske som kjøper eggdonasjon, kjøper mange såkalla dobbedonasjon. Kvinna eller paret kjøper både donoregg og donorsæd. Dobbeldonasjon blei lovleg i Danmark i 2018.

Får honorar for å donere sæd

Motivasjonen for å donere sæd, varierer, viser forskinga til lektor Sebastian Mohr ved Karlstads Universitet.

Mange donerer fordi dei kan vere anonyme – Danmark er eit av få land i Europa som tillet dette. Andre blir motiverte av at dei må vere opne. Pengar freistar fleire til å donere sæd, medan mange seier dei ville ha donert sjølv utan å få noko.

Som sæddonor i Danmark kan du få opp til 500 danske kroner for hver donasjon, opplyser Cryos International. Dersom ein donerer tre i veka, kan det bli nesten 6.000 i månaden. Cryos understrekar at honoraret donorane får utbetalt ikkje er betaling for sæden, men at det «prinsipielt blir vurdert som ein ulempe- og transportkompensasjon».

LES MEIR OM Å BLI FORELDRE MED HJELP AV DONORAR

Betalte 150.000 for å bli aleinemor

Norske sæddonorar kan få større barneflokkar

Selde sæd frå nobelprisvinnar

---

Lovgjeving

  • Danmark er eit av få land i Europa som tillet assistert befruktning til single kvinner.
  • I 20 år har norske kvinner reist til StorkKlinik i København.
  • Tysdag avgjer Stortinget om assistert befruktning til single kvinner skal bli lovleg i Norge.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter