Fertilitetsklinikkar jublar for liberaliseringa:

«Dette er nyheter som må feires. Endelig har vi skriftlig mottatt nye endringer fra Helsedirektoratet om bruk av donorsæd. Som tidligere tillates inntil seks familier per donor, men grensen på antall barn bortfaller», skriv Livio IVF-klinikken Oslo på eiga Facebook-side.

Dei nye retningslinene blei sendt ut 7. februar, og endringa tredde i kraft same dag. Dermed blir det enklare for familiar å få fleire barn med same donor. Det var i fjor at Helsedepartementet ba Helsedirektoratet om å endre regelverket.

Åtvaring frå medlemmer i Bioteknologirådet

Men sakshandsaminga av forslaget viser at Bioteknologirådet var delt då Helsedirektoratet ba om rådets syn på saka. To medlemmer, Marianne Klungland Bahus og Morten Magelssen, ønskjer å halde på dagens grenser, skriv rådet i eit brev til direktoratet.

Magelsen og Klungland grunngjev standpunktet med at dei ønskjer å ha kontroll på kor mange barn «en donor kan gi opphav til». Bakgrunnen for motstanden mot oppmjukinga er at talet på barn frå same donor kan auke risikoen for at «to barn av samme donor innleder forhold i voksen alder, uvitende om at de er genetiske halvsøsken».

Oppmjuking av barnetal i 2009

I Norge er etterspurnaden etter donorsæd større enn innskota i sædbankane - to statlege og fire private klinikkar. Difor har sædbankane måtte importere sæd, og i 2009 blei regelverket liberalisert: Talet på barn per donor blei auka frå seks til åtte - fordelt på maksimakt seks familiar.

 

Skapte fleirtal på Stortinget

Bakgrunnen for den siste liberaliseringa er å finne i Stortingets handsaming av bioteknologiloven i juni 2018.

Her vende Framstegspartiet og Venstre ryggen til regjeringskollega Høgre og fann saman med Arbeidarpartiet og SV - og skipa eit fleirtal som parkerte motstandarane i KrF og Senterpartiet.

Fleirtalet avgjorde at regjeringa måtte kome tilbake til Stortinget med ei ordning som set «begrensninger for bruk av donorsæd til antall familier per donor, ikke antall barn per donor.»

Når raskt taket

Dei fire partia peika på at med dagens ordning «risikerer par at de ikke kan få flere barn med samme genetiske opphav fordi andre familier har vært raskere ute og taket er nådd. Dette kan føre til at par som ønsker flere barn, må destruere sine befruktede egg».

Sp og KrF peika på risikoen for at halvsøsken får felles barn - og at denne risikoen stig monaleg om ein tek vekk grensa på åtte barn per sæddonor.

Sædbankar som får donasjonar av sæd frå menn frys ned sæden.
Foto: Richard Drew
Sædbankar som får donasjonar av sæd frå menn frys ned sæden.

Minner om grense

I brevet frå Helsedirektoratet til dei seks norske sædbankane, som informerer om dei nye retningslinene, understrekar direktoratet ei sak:

«Vi vil understreke at klinikkene ikke kan utlevere sæd fra donorer som allerede har gitt opphav til åtte barn i Norge, uten å forsikre seg om at donor har samtykket til mer enn åtte barn i Norge.»

Ramma av skandale

I 2012 blei ein dansk sædbank ramma av ein skandale. Nordisk Cryobank braut reglane og melde ikkje frå om at ein av deira sæddonorar hadde ein alvorlig sjukdom. Donoren som var far til 43 barn i Norden, hadde ein arveleg sjukdom, nevrofibromatose type 1.

Minst ni av barna hadde arva sjukdommen som kan gje alt frå lettare til svært alvorlege plager. Symptom er flekkar på huda, knutar ulike stader på kroppen og problem med skjelettet.

Stramma inn regelverket

Skandalen førte til at det danske lovverket blei stramma inn. Kvar dansk donor kan berre levere sæd til 12 kvinner i Danmark. Fram til 2012 var grensa 25.

Sædbanken på Haugesund sjukehus hadde importert sæd frå Nordisk Cryobank, men hadde ikkje fått sæd frå den sjuke donoren.