I dag ville ikkje Vetle Jarandsen late seg sjølv som ikkje-truande 18-åring opp på lovsongsscenen. Men at nokon andre faktisk gjorde det førte til ei sterk tru og produksjonen av fleire av dei mest populære lovsongane i Noreg.
MOTIVASJON: Vetle Jarandsen er i dag ein profilert lovsongsleiar, -produsent og -artist. Men sitt fyrste frivillige møte med kyrkja hadde han som 18-åring hjå Frelsesarmeen i Stavanger. Då var målet å imponere ei søt, kristen jente.

Vetle Jarandsen gjekk frå å skrive love songs til lovsong

Publisert Sist oppdatert

Denne saka blei fyrst publisert i februar 2022. Den er henta opp att i forbindelse med at Jarandsen, saman med David Andre Østby, Karoline Neteland og Thomas Neteland fylteOslo Konserthus med sin lovsongskonsert fredag 18. oktober.

Vetle Jarandsen er 18 år gammal og har starta opp eit lovsongsteam i Frelsesarmeen i Stavanger. Det vil seie, han syng og spelar kristne songar på gudsteneste. Og han leier forsamlinga i si lovprising av Gud, men sjølv trur han ikkje på det han syng.

Han har sett sitt snitt til å imponere ei ekstra søt jente som tilfeldigvis er kristen. Det var det som gjorde at han for nokre veker sidan for fyrste gong sette sin fot frivillig i ei kyrkje. Til no har møta med gudshus avgrensa seg til skulegudstenester og ein konfirmasjon eller ei gravferd i ny og ne.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS