NYTT SYNGSPEL: Den svenske artisten Carola Häggkvist (56) kan identifisere seg med Maria Magdalena, som ho spelar i eit nytt syngespel. Også Carola kjenner seg sett og funnen av Gud.
Giulia Troisi
Stormvind av Guds nåde
MIN TRO: – Jesu kjærleik gjer meg fri, modig og heit, seier Carola Häggkvist.
Namnet Carola gir assosiasjonar til julesongar – «carols». Det stammar frå norrøne «karl» – fri mann, eventuelt fri kvinne. På spansk tyder namnet «glad». Ei fri og glad kvinne som syng åndelege songar – namnet passar svært så godt på den folkekjære, svenske artisten.
– Det var pappa som fann på at eg skulle heite Carola, fortel ho.
– Eg veit ikkje kvar han hadde det frå. Så gav mamma meg namnet Maria.