Stadig på leit

Kari Helene Partapuoli veit ikkje om tvil er bra. Ho veit berre at den er menneskeleg.

Publisert Sist oppdatert

– Det er eit dikt som heiter Church going. Det handlar om ein fyr som alltid går inn i kyrkjer, men han veit ikkje kvifor. Er det Gud, er det huset, er det det som vert sagt der? Men han stoppar alltid opp. Sånn er det for meg også.

Kari Helene Partapuoli kostar av kjøkkenbordet med eine handflata i to store sveip. Sola skin inn gjennom dei høge vindauga og treff ansiktet hennar. Ho foldar hendene framfor seg.

– Kyrkjer har ei ro. Dei ryddar hovudet, føler eg. Kyrkjehus ryddar og balanserer.