IDENTITET: For Maria Kristina Labba er det samisk som er identiteten hennar. – Det er slik eg ser på meg sjølv. Det med svensk og norsk er meir ei formell side. No skal ho som ny generalsekretær i Samisk kirkeråd vera med på lyfte fram det samiske i norsk kyrkjeliv.
Erlend Berge
Spørsmåla om tru førte til eit innføringskurs i kristendom. No skal ho fremje det samiske i Den norske kyrkja
Ho kjenner panikken ta ho. Snautt fire veker har gått sidan ho kom heim frå sjukehuset med bylten som gjorde ho til mor for fyrste gong. No får ho ikkje kontakt med han. Ektemannen er på arbeid.
Det er sjette dagen på rad der sonen ikkje vil eta og verkar slapp. Dei to legebesøka dei siste dagane har berre resultert i ein beskjed om at han sikkert er forkjølt. Men det er noko som ikkje stemmer.
Den nybakte mora hiver seg i bilen og køyrer så fort ho tørr dei 15 kilometrane inn til legevakta i Tromsø.