TØRRE Å BOMME: Ruth Burch Skree trur kristne i større grad må gjera, leike, prøve. Ikkje vera så redde for å bomme. – Me har så innmari lett for å snakke oss vekk.
Erlend Berge
Ny leiar i Etter Kristus meiner kristne snakkar seg vekk, og heller må fylgje Jesus i praksis
Gudstenesta i Vineyard Oslo er akkurat ferdig. 26 år gamle Ruth Burch Skree blir tatt til sides av kveldens hovudtalar for ei samtale.
Pulsen hennar aukar, skuldrene blir høgare. Ho kjenner seg dårleg.
Det er juni 2007 og dei siste månadane har vore dei svartaste i livet hennar. Svarte som i at ho ikkje ser nokon ting. Minst av alt ei framtid.