Å VÆRE ÅNDELIG: Forfattar Pedro Carmona-Alvarez tenker mykje på kva det er å vere eit åndeleg menneske. – Det er trøystande å ha kontakt med ei åndeleg verkelegheit og ikkje avfeie alt med rasjonalitet, seier han.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
– Jesus er ingen vassen hippie
Ni år gammal måtte Pedro Carmona-Alvarez og familien flykte frå militærdiktaturet i Chile. Han kom etter kvart til Noreg og vaks opp på Kolbotn, gjekk på Kristelig Gymnasium i Oslo samtidig med kronpris Haakon. I dag kjenner vi Carmona-Alvarez som ein av Noregs fremste forfattarar under femti, ein feira poet med bergensblod i årene.
I forfattarskapet sitt vender han stadig attende til religiøse ord og bilete. Dette har vore til stades heilt frå debuten Helter i 1997, der det første diktet heiter «Et lys for jomfruen» – eit lys for jomfru Maria, med andre ord. Ein del av diktet går slik: «Jeg husker lykkelige tider, jeg tror på Jesus Kristus, skaperen / himmelen og jorden. Jeg tror på de gode kreftene, men jeg ramlet / ut med grishoder i stedet for never.»
– Det latinamerikanske barndomslandskapet mitt spelar ei stor rolle i bøkene mine. Bygningane, gatene, korleis jorda ser ut, fjella. Dette landskapet var det første som dukka opp i skrivinga mi som noko eg kunne kjenne att som mitt. Og i denne samanhengen er også den katolske ikonografien veldig viktig. Kyrkjene, katedralane, familiens måte å tru på, kontinentet mitt sin måte å tru på. Og ikkje minst den lidande Kristus, som er ein så sterk figur å møte i ung alder. Iallfall var han det for meg, seier Carmona-Alvarez.
Bestill abonnement her
KJØP