Kathrine Lilleør skulle absolutt ikkje bli prest

Også preste-faren var imot

No kjem hundrevis til kyrkjebenkane der den profilerte presten har gudsteneste

Korleis får ho det til?

I gleda, der finst Gud

Publisert Sist oppdatert

Sidedøra til høgre for alterringen glir opp. To snutar pressar seg fram i gløtta, nysgjerrige på kven som vil inn i presteværelset deira. Dachshundane Gloria og Augusta smetter ut, prustande og logrande. Bak følger matmor og sokneprest Kathrine Lilleør.

Men noko manglar.

59-åringen må fikse ein siste ting før vi set oss ned. Det verkar litt viktig. Kroppsspråket hennar uttalar eit eller anna innstendig. Samtidig skin det noko avvæpnande – unnskyldande og spøkefullt – i blikket.

Powered by Labrador CMS