«Hype man» for Jesus
Musikar Eric Tryland er så trygg på trua si at han kan sitte på pub og fortelje om Sakkeus klokka 02.00. Sjølv om han skulle ende opp som superstjerne, er han like overtydd om at han skal plante ei kyrkje.
DRAUMEN: Ein dag vil Eric Tryland skrive ei låt for Justin Bieber. Men ein annan draum er minst like viktig.
Tuva Skare
Det kriblar i 20 år gamle Eric Tryland idet han entrar backstageområdet på Coachella, ein av verdas største og mest prestisjefylte musikkfestivalar.
Du har kanskje sett bilde frå California-utmarka før, i viktige motemagasin eller høgtståande musikkblekker – bilde som visar meterhøge palmetre ruve om kapp med blinkande pariserhjul, og superstjerner med gummistøvlar som ein sjølvsagt del av publikum.
Keyboardist og «hype man» Eric Tryland er på høgda av karrieren si. Bandet hans, Boy Pablo, som starta på den kristne internatskulen Kongshaug, har blitt kjende blant unge over heile verda.