SYNG SALMAR: – Mange gamle salmar ber i seg ein lengsel bort frå jorda, seier Bjørn Tomren. Sjølv kan han kjenne seg att i tittelen på salmen «Eg er framand».
Giulia Troisi
Framand, men heime i verda
Artist og Stjernekamp-vinnar Bjørn Tomren likar salmar og gospellåtar. Men han kan kjenne seg framandgjort i møte med populærkulturen.
Episode tre av TV-programmet Stjernekamp i fjor haust: Ni dyktige artistar tevlar om å gå vidare i den store musikkonkurransen på NRK, som denne kvelden har temaet «Norsk på norsk». Sistemann ut er Bjørn Tomren, frå Tomrefjord i Møre og Romsdal.
Han har tidlegare markert seg med ein sterk versjon av Hank Williams-låten «Long Gone Lonesome Blues», med innlagt jodling. No syng Tomren den gamle salmen «Eg er framand», inkludert strupesong i midtpartiet. Det er ein mektig TV-augeblink. Tomren vinn etter kvart heile Stjernekamp, men allereie på dette tidspunktet står det klart for dei fleste at fyren har ei særeiga gåve.
Nokre månader seinare, under Olavsfest i førre veke, møter vi Bjørn Tomren til samtale i Vår Frue kirke i Trondheim. Kva er det eigentleg med denne litt mystiske og tilsynelatande fåmælte artisten som rører oss slik med stemma si og med repertoaret sitt?