Ei ung Anette Løken Jahr stod i forbønskø. I lengre tid hadde ho bedt bøna: «Gud, kva vil du at eg skal gjera med livet mitt?»
Ho hadde alt byrja på studieløpet for å bli lege, men greidde ikkje heilt å lande i valet. Kvinna som skulle be for ho kom med eit usedvanleg tydeleg framtidsbilete, som dei båe meinte kom frå Gud: Anette står i ein kvit frakk, med mange barn rundt seg.
Aldri før hadde ho fått ein profeti over livet sitt, men der og då fekk ho stadfesta at det var barnelege ho skulle bli.