LYSGLIMT: Trass i ein timeplan nærmast utan pustepausar, varmar næringsminister Jan Christian Vestre seg i lysa av favoritthøgtida si i Oslos gater.
Erlend Berge
Då faren døydde, kom ei drivkraft over Jan Christian Vestre
– Kva er meininga med livet?
Klokka er 07.45. Hovudstadens gater klamrar seg til det siste nattemørket, og journalisten prøver å gjere eit morosamt poeng av kor tidleg det er å snakke om eksistensens djupaste fasettar, og startar med det umoglege spørsmålet.
Vitsen fungerer ikkje heilt.