I debatten om dødshjelp høyrer ein ofte argumentet om å få ein verdig død. Smerte og frykt for det vi ikkje har kontroll over i møtet med døden, kan for nokre vere det som gjer at ein tenker dødshjelp som ei løysing; ein utveg for det ein ikkje ser for seg at ein vil greie å møte.
Men i staden for å halde fram retten til ein verdig død, må vi halde fram retten til eit verdig liv, heilt fram til livet ikkje er meir.
Ved livets grense
Spørsmålet om dødshjelp er aktualisert i ei undersøkjing Norstat har gjort for NRK, der halvparten av dei spurte seier at dei ønsker legalisering av aktiv dødshjelp i Noreg, medan to av ti er imot. I denne avisa tar lege Andreas Wahl Blomkvist til orde for at menneske sjølve skal kunna velgje når det vil døy.
Det er i dei mest sårbare tidene av menneskelivet at fellesskapet skal stå si prøve. Vi skal alle døy ein dag, og det einaste vi kan seie sikkert er at vi ikkje veit korleis det skal bli: Vil eg få smertelindringa og omsorgen eg har behov for dersom eg blir liggande hjelpelaus og med store smerter? Kan eg stole på at helsevesenet har ressursar til å ta seg av meg og gje meg det eg treng heilt inn i døden? Korleis vil fellesskapet eg er del av bere meg i det uunngåelege?
Vi ser dessverre døme på at menneske ikkje får tilstrekkeleg behandling og omsorg for å dempe liding og smerte ved utgangen av livet. Og vi veit at menneske må leve sine siste dagar utan den vørdnad og omsorg dei skulle hatt. Som samfunn må vi velje at alle skal kjenne seg så trygge som det er mogleg å vere når ulukker, sjukdom og alderdom skjer.
Press
Det er grunn til å bekymre seg for at eit val om å ta i mot dødshjelp, kan vendast til eit press om å ta i mot dødshjelp. Vi må ikkje kome dit at den døyande tek sitt val om dødshjelp fordi ein kjenner press frå samfunnet og frykt for at ein kan kome til å legge beslag på verdifulle ressursar i helsevesenet. Eller at ein tenker ein ikkje skal vere pårørande til last som har sine behov for å kome vidare i ei allereie erfart sorg.
Den norske kyrkja vil halde fram menneskets ukrenkelege verd som skapt av Gud
Styrke dødsomsorgen
I denne diskusjonen er det viktig å halde fram rettane ein pasient har til avslutning av behandling, det ein i fagspråket vil kalle behandlingsavgrensing. Det er heilt legitimt både juridisk og etisk å velje å avslutte livsforlengande behandling, og vi må sjå det som ein del av eit opplysningsarbeid at dette vert kjent for både alvorleg sjuke og deira pårørande.
Kyrkja stiller seg bak Morten Horn og Anja Lees konklusjon i kronikken «Dødshjelp ute av kontroll», Aftenposten 15.11.24: «Vi må styrke dødsomsorgen i hele landet, uavhengig av diagnosegruppe, slik at alle som trenger lindrende behandling, får mulighet til et verdig og omsorgsfullt dødsleie.»
Den norske kyrkja vil halde fram menneskets ukrenkelege verd som skapt av Gud. Saman med at vi viser til FNs menneskerettar, grunngjev dette vårt nei til dødshjelp. Å tillate dødshjelp er å gå over ei absolutt grense som er sett om vårt likeverd og det heilage vi er skapte med. I vår tid, som er så sterkt fokusert på individet og våre eigne val, er det viktig å halde fram at mennesket alltid må forståast i dei relasjonane vi står i; til Gud, til våre medmenneske og til skaparverket. Å gje menneske i dei aller vanskelegaste situasjonar retten til å få avslutta livet, er å overlate det sårbare menneske i den ytste einsemd.