Verdidebatt

Refleksjonar etter eit jubileumsår

FEIRING: Vi må halde fram den gode samtalen i året som kjem! Lovjubilea vi har feira i året vi legg bak oss har gjeve frimod til å synleggjerevår kristen-humanistiske arv. Den bind oss saman i ei tid der vi verdsetmangfaldet i det livssynsopne samfunnet.

Feire fortid, forme framtid

2024 var året då vi markerte tusen år for innføring av kristenretten på Moster og 750-årsjubilet for Magnus Lagabøtes landslov. Vi kalla året Verdiåret 2024, og vi markerte at dei kristne verdiane har vore med på å gjere landet vårt til eit godt land å leve i. Vi har halde fram aktualiteten og styrken i rettsjubilea med inspirasjon frå Moster 2024 og støtte frå landslovsjubileet i Vestland fylkeskommune.

Det er ei utfordring å legge til rette for hendingar som mange skal kjenne at ein har del i på tvers av generasjonar og interesser. Både kyrkje og samfunnsinstitusjonar har gjeve dei godt rom i sine samanhengar. For kristenrettsjubileet var mottoet «Feire fortid, forme framtid». Målet for jubileumsåret har vore å nå ut med kunnskap, legge til rette for opplevingar og refleksjon, og ikkje minst drøfte kva for verdiar vi kjenner er umisselege mellom oss.

Bilde av Biskop Ragnhild Jepsen. Tatt i annledning hennes deltakelse på arrangementet "Kva har kristenretten gjort med Noreg?" utenfor Gamle Moster Kirke, på Moster 1024.

For eigen del er eg oppriktig glad og stolt over det vi har voresaman om på ulike arenaer: verdisamtalar med barn og ungdom, kunnskapsformidling gjennom foredrag, utstillingar og bokverk, den store 1000-årsfeiringa på Moster i juni, vakre og viktige kulturuttrykk og gudstenester frå Selje i nord til Moster i sør, og ikkje minst folkeopplysninga som vart oss alle til del då NRK gav oss Landslova minutt for minutt.

Vi har fått trene oss i å samtale om kva som er umisseleg for oss i eit fleirkulturelt, livssynsopent samfunn med ein sterk kristen-humanistisk arv.

Eit fellesskapsbasert samfunn

I talen Kronprins Haakon held under jubileumsfeiringa på Moster i juni, held han fram at det vi var saman om, var å feire forteljinga om oss sjølve med utgangspunkt i forteljinga om det som på Moster i 1024 vart lagt ned i oss av verdiar, tru og haldning. Det ligg der som ein grunnstein for vårt fellesskapsbaserte samfunn.

Vi var mange som merka oss kronprinsens ord. Dei fell inn i erfaringane vi har gjort i jubileumsåret. Det er grunnleggjande hendingar i vår felles historie som ligg der som grunnsteinen i vårt fellesskapsbaserte samfunn. Ved innføring av kristenretten fekk det svakaste livet også eit vern. Rettar grunngjeve i menneskeverdet vart sett om kvart einskild menneske, uavhengig av kjønn, ætt eller stand.

Og frå landslovsjubileet har vi lært om dei fire guddomlege systre som alltid skulle konsulterast når ein dom skulle seiast: miskunn, sanning, rettferd og fred. Kven av oss kan seie at vi ikkje meiner desse dugleikane er avgjerande og samlande for det samfunnet vi skal bygge og leve i?

Fornya frimod

I jubileumsåret meiner eg vi har tilegna oss eit fornya frimod når det gjeld å tale om det som bind saman. Det er ei tid for det no – å vere trygge på at det er noko som ligg som eit fundament i samfunnet vi lever i, trass i det som skil oss. Vi treng den tryggleiken som nasjon og som folk, men vi treng den også som einskildmenneske for å kunne manøvrere i eit landskap og i ei tid som på mange måtar er individualisert. Då kan vi også tore å vere frimodige i våre uttrykk, og ikkje minst frimodige i å setje ord på, fortolke og be inn til desse fellesskapsbaserte hendingane.

Mer fra: Verdidebatt