Verdidebatt

Skapt til å vere. Og skapt til å gjere.

PREKEN: «Måtte vi være såpass realistiske at vi syng ‘halleluja’», sa Kari Veiteberg i avskjedspreika si søndag.

Biskop Kari Veitebergs preken under avskjedsgudstjenesten i Oslo domkirke 15. desember.

Evangelietekst: Johannes 5,31–36

Jesus seier: «Dersom eg vitnar om meg sjølv, er vitneutsegna mi ikkje gyldig. Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at den vitneutsegna han gjev meg, er sann. De sende bod til Johannes, og han har vitna for sanninga. Eg treng ikkje vitneutsegner frå menneske, men eg seier dette så de skal bli frelste. Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.

Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg.»

Slik lyder det heilage evangeliet.

Ein følelse av å vere vektlaus

Kjære venner, for nøyaktig sju år sidan stod eg akkurat her og preika. I det som då var evangelieteksten høyrde vi Johannes døyparen skjelle ut dei som stod rundt han, «ormeyngel!» ropte han.

Hans Majestet kongen sa til meg etterpå at «det var da ikke noen lett tekst du fikk å preke over!»

I dag er teksten lettare. Det er ein lettare bibeltekst og orda er ganske enkle å forstå. Lettare bibeltekst, ja, men eg trur faktisk at mange av oss kjenner på at tida og verkelegheita er tyngre. Tyngre no og mørkare enn for sju år sida: Krigar raser, barn blir drept og skada.

Folk slit også her i byen, barn i alle aldar har det tungt. Det er ingen skjellsord i dagens evangelietekst og orda er ganske forståelege: Vitneutsagn, sanning. Johannes var ei lampe som brann og lyste.

Orda er forståelege, men eg må seie at eg ofte får ein følelse av å vere vektlaus når eg les lange taleparti frå Johannesevangeliet. Det ikkje så lett å vite kva som er opp og ned, bak og fram, og kva har desse orda, denne talen med meg og oss å gjere? Av «sanning» og «vitneutsegn» skjønar vi at det dreier seg om ein konflikt. Men kva er det som står på spel?

For å forstå meir, må vi, som alltid når vi les i Bibelen, sjå på samanhengen, den samanhengen bibelorda står i og i den samanhengen vi les i, no i dag.

Ikkje berre gå etter orda

Jesus kjem inn i Jerusalem og der, rett etter Saueporten, får han auge på ein som har vore sjuk i 38 år og som hadde venta på å bli frisk ved Betesda-dammen, men han hadde ingen som kunne hjelpe han uti. Sjuk og utan venner og familie. Ein som mange har gått forbi og ikkje sett.

Jesus såg og spurte: «Vil du bli frisk?» Det vil han jo! «Stå opp, ta båra di og gå!» sa Jesus. Mannen blei frisk og tok båra si og gjekk.

For meg viser forteljingane om Jesus i møte med menneske, i fest, sorg og i stridigheitar, kven Gud er.

Og det er då konfliktane startar. Dei religiøse leiarane oppfattar at Jesus samanliknar seg med Gud og at denne helbredelsa var eit teikn på at han gjorde nyskapande gjerningar akkurat som Gud: Han kalla «Gud sin eigen far og gjorde seg sjølv lik Gud», sa dei.

Det er desse skuldingane Jesus svarer på i dagens evangelium. Ein ting er at Johannes døyparen vitna om at Jesus er sendt av Gud. Enno viktigare er det at Jesus seier at gjerningane, det han gjer, vitnar om kven Gud er.

Vi skal altså ikkje berre gå etter orda, seier Jesus, men det Jesus gjer.

Forteljingane viser kven Gud er

Johannesevangeliet fortel om mange slike gjerningar, i alt sju teikn:

Det startar i ein bryllupsfest i Kana der Jesus gjer vatn om til festvin, og det siste teiknet går heilt ned til fortvilelsa og gråt, då vennen Lasarus dør.

Jesus gjenskapar helse og fellesskap og ser kven som er utsatt og sårbar og han gjer noko med det.

For meg viser forteljingane om Jesus i møte med menneske, i fest, sorg og i stridigheitar, kven Gud er. Kven vi som menneske er skapt til å vere og skapt til å gjere. Ja, sjå utsette, være nær våre eigne følelsar, både gråt og glede og sinne, og å halde ut også i konfliktar og stridighetar.

Å følgje etter Jesus, å gå, det gjer du og eg ved å sjå og finne ut kor skoa trykker no, kva er det som trykker oss og andre ned, og så bruke all fantasi og skaparkraft på å gjere noko med det. Saman.

«Realistisk nok til å tru på under»

Skapt til å vere. Og skapt til å gjere.

Håp er det vi gjer. «Hope is what we do,» sa presten Mitri Raheb rundt eit bål i Betlehem. Eg er så glad for at biskopen hans, biskop Sani-Ibrahim Azar og Nahla er her i Domkyrkja no! Bishop of the Evangelical Lutheran Church in Jordan and the Holy Land.

I Oslo bispedømme er det fleire menigheitar som har venskapsavtalar med palestinske kristne:

  • Torshov og Lilleborg sokn har ein avtale med Redeemer-kirka i Øst-Jerusalem
  • Grefsen har ein avtale med Håpets kirke i Ramallah
  • Bekkelaget og Ormøy har ein avtale med menigheten i Beit Sahour
  • Kampen og Vålerenga har fått på plass en avtale med Amman
  • Den lutherske menigheten i Beit Jala er vennskapsmenighet med Asker
  • Høybråten i HFS sokn, har sidan midten av nittitalet pleia venskap med den gresk-katolske (melkittiske) kyrkja i Nablus. Eit område på Vestbreidda kor turistar og andre ikkje har fått kome til på lang tid

Kva søndag ber vi for kvarandre og vi besøker kvarandre. Og vi er venner og i naud.

Dear friend and colleague Bishop Azar. In many ways it’s a miracle that you are here. When I visited you February this year, my group also had a meeting with the Israeli journalist Gideon Levy from the Haaretz newspaper.

Eg beit meg fast i desse orda, når vi spurte han, som vi jo alltid spør: Kor er håpet, korleis blir det framover.

Levy svarte: «Om du no er i Midtausten, bør du være realistisk nok til å tru på under!»

Oslo 20241215. 
Kong Harald og Kari Veiteberg er til stede ved høymesse med avskjed for biskop Kari Veiteberg i Oslo domkirke søndag formiddag.
Foto: Terje Bendiksby / NTB

Målbevisst for barn og unge

Vi går mot jul. Eit barn blir født i Betlehem.

For meg har det blitt stadig viktigare at vi i kyrkja arbeider målbevisst for at barn og unge, skal få det betre og vekse opp både i tryggleik og kjærleik og anna leik!

Drive babysang i kyrkjene, lytte til ungdomsrådet vårt, Uro, halde fram og opp Samtaletilbudet 13–20 no i Bærum og snart i Asker: Vaksne med tid for ungdom, å bidra til at ungdom blir sett og anerkjent for den dei er og opplever tryggheit i forhold til seg sjøl og andre.

Bøna som syng i meg

For vi, kirka, vi trengs. Vi trengs som aldri før! Fellesskapet her. Vi trengs, som glødande lamper, fyrtårn, lysbærarar. Dei av oss som er såpass realistiske at vi trur på under.

Vi høyrde bror Stephen frå klosterfellessket i Taize lese frå Bibelen i stad. I salmeboka står det mange Taizebøner og mange unge frå Norge og heile verda dreg ei veke i året ned til Burgund i Frankrike. Etter fem travle år som biskop gjorde svært godt for heile meg å vere der i tre veker. Eg les frå brevet eg sende venner og kollegaer:

Vi sit stille og så begynner dei og vi å synge, same verset om igjen og om igjen. Denne har eg i meg og nynnar, merkar eg, både dag og natt:

Dans nos obscurités, Allume le feu qui ne s’éteind jamais. Ne s’éteind jamais

Ikkje kunne eg fransk, men no har eg googla: I vårt mørke, tenn elden som aldri slokna, som aldri sloknar.

Så dette er bøna som syng i meg. Eg håpar elden, lyset tennes. Det vil eg minne om her eg står: Lyset kjem.

Dei siste orda mine som biskop

Måtte vi være såpass realistiske at vi syng «Halleluja». Etter salmar som set ord på redsel, angst, klage og vandringar heilt ned til dødsskuggen dal, sluttar den felles jødiske og kristne bønnesamlinga med dette: «Halleluja.»

Lovsyng Gud i hans heilagdom! Lov han med gjallande horn.

Takk til alle de kyrkjemusikarar, som leverer soundtrack til store og små hendingar, som mange av oss går og nynnar på. Oslo domkor, og du Kåre Nordstoga i førti år!

Dei siste orda mine, som biskop i berre sju år, er: takk og lov til Gud. Halleluja. Amen.

Mer fra: Verdidebatt