Verdidebatt

Å møte nokon i sorg

DØDEN: Vi nærmar oss jul. For den som har mista nokon det siste året, kan det vere ei krevande tid.

For nokre år sidan var eg som prest sjølv pårørande fordi begge foreldra mine døydde med vel eit halvt års mellomrom. Eg er takksam fordi dei levde lenge, og i ettertid også fordi eg prøvde å vere hos dei så ofte eg kunne dei siste åra dei levde. Dermed har eg mange minne – gode minne om stort og smått vi delte.

Kari Vatne.

Eg minnest vakenetter på sjukeheimen dei siste dagane dei levde. Eg minnest daglyset som kom inn i rommet over Vatnedalen, om å halde i handa ei prega arbeidshand og synge gamle songar.

Ein minnestad

Etter at far døydde vart det så viktig for meg å oppsøke stader vi hadde vore saman. Å kome i skogen der vi var på vedhogst, å sjå att rullar med hesjestreng og staur – og det vart viktig å gå i tyttebærskogen der mor og eg hadde plukka bær. Den første tida etter at dei var døde tende eg ofte lys, kvite lys – eitt til minne om og eitt for oss som skal leve vidare.

Etter mor sin død laga eg ein minnestad her heime, med bilde av mor i gul regndress som stolt viser fram fiskefangsten, ei retroskål kjøpt på Lillehammer og ein svart hane frå deira ferietur til Portugal. Desse små tinga vart så viktige – og den første tida kom også minna ofte fram.

No når det har gått fleire år, har minna bleikna litt – men plutseleg og heilt uventa dukkar dei opp igjen. Nokre gonger heilt uventa, og med ein styrke eg ikkje hadde venta. Dei var begge over 90 år og hadde fått mange dagar i sitt liv, mange gode dagar og også meir krevande dagar. Dei siste åra var prega av at mykje var gløymt, men så livna dei til når minnespor vart trigga. Av ei fortelling om nokon dei kjende, om noko som hadde hendt eller av bilde vi såg på. Bilde frå ei fjern tid, bilde av kjende gjenstandar og situasjonar i deira kvardagsliv.

Slik skulle det ikkje vere, det er jo den som har mista som treng trøst

Korleis møter vi sørgande?

Som sorgarbeidar blir det ofte tema i sørgesamtalen korleis ein blir møtt i sorgen, og det er mange som har opplevd å ikkje bli møtt. Dei fortel at kjende går over til den andre sida av gata for å unngå å møte, at folk seier «Du må vere positiv» – eller at den sørgande er den som må trøste den ein møter.

Slik skal det ikkje vere. Det er jo den som har mista som treng trøst. Når det er vanskeleg å finne ord kan ein seie «kondolere» eller «mi djupaste medkjensle». Ein klem eller eit klapp på skuldra, ei melding med eit hjarte eller ord som «tenker på deg» kan vere gode alternativ.

Det verste er at folk unngår – at gode vener ikkje kjem i gravferda og i ettertid seier: «Eg visste ikkje kva eg skulle seie». Det går faktisk greit å bruke dei orda – om at ein ikkje finn ord. Send ein blomst, eit kort eller ei melding. Vis at du bryr deg! Ein god regel kan vere å bruke empatien – ta den andre sitt perspektiv og tenke, viss eg var den som står midt i sorgen: «Kva ville eg sett pris på?»

Lev litt sakte i sorgas dager

Når eg miste mine foreldre, ga ein god ven meg rådet om å leve litt sakte i tida etterpå. Det var eit godt råd. For når ein er i sorg opplever ein ofte at andre styrer på med alt mulig – og ein opplever mykje av det vi til vanleg styrer med som totalt uvesentleg.

Kva er det viktigaste i livet? Det spørsmålet får ofte fokus i sorgas dagar, og då er oppussing og anna ein stressar med ikkje særlig viktig. Energien er ofte mindre enn til vanleg når ein er i sorg, og det er basis-ting som er viktig. Mat og drikke, aktivitetar som gir energi, og elles kan ein la humla suse ei stund.

Så finst det også sorger vi ikkje sender blomar til

Ofte kan også tap vere ei tid for nyorientering og omprioritering i livet. Kanskje har ein tenkt – når eg blir pensjonist, då skal eg... Eller når ungane blir store, skal eg synge i kor. Begynne å gå tur. Reise meir.

Dødsfall minner oss på at livet har ein ende, på å ta vare på gode stunder og sjå dei små gledene i kvardagen. Kanskje var det ikkje så viktig å reise til alle storbyane i verda eller å ha mange ting i huset? Tid for ettertanke.

Sorger vi ikkje sender blomar til

Så finst det også sorger vi ikkje sender blomster til, som samlivsbrot og skilsmisser. Eller at livet tar uventa vendingar slik at det ein heldt på med før ikkje lenger let seg gjere.

Livssorg kallar ein dette – og mange av reaksjonane til både andre og ein sjølv kan likne på reaksjonane ved dødsfall. Då er det viktig å sette ord på det som har hendt, og nokre gongar treng vi ein samtalepartnar for å komme oss gjennom det som har hendt og vende blikket framover igjen.

I mange kyrkjelydar finst det diakonar og prestar som kan samtale om livets utfordringar, i helsevesenet finst det også ulike fagpersonar og nokre brukar ein coach.

Gode venner kan også vere ei god hjelp eller støtte i livets motbakkar.

Mer fra: Verdidebatt